torsdag 30. desember 2010

Jul i vårt hus!

Ein rask liten oppdatering siden sist..
Dei heimlause var ikkje lenge heimlaus og mandag før jul flytta me inn i nyahuset!
Det blei tre intense rydde/vaske/ordne/handle/pynte dagar før me kunne ynskje mamma, pappa og tante Maria velkommen til julefest hos oss. Ein pangstart på det nye livet blei det med juleaften, 2.juledags samling og mange kjekke visitter i romjula.
Ting kjem på plass og me ser ut til å finne oss tilrette alle fem:)

Kjem tilbake med bilder etterkvart, no er det spinning på senteret som står på agendaen.

Regina

fredag 17. desember 2010

Heimlaus familie!

Hauglandskåken er i skrivande stund nesten heilt tom, det står 5 banankasser i gangen og eg dataen går ilag med meg no når Helge kjem tilbake for siste lass... Nesten 2 år som Hauglandsbu er over, takk for oss! Ikkje verst å bu her..
Residensen likna alt anna ein ein residens: elektriker, rørleggjar, snekkare og murar surrer rundt som veggluser og gjer seg ferdig her og der.. til stadighet dukker det opp ei lettare forvirra fru som ikkje veit heilt kor ho skal begynne.. Det er klær, kasser, dyner, møbler, glass, fat etc etc etc overalt! Eg som begynte optimistisk i forrige veke med å vaske ned må berre innsjå at nedvasken egentlig ikkje har begynt!

Når alt dette er sagt så er me mange steg nærmare innflytning no og mamma og Hege har opna heimen for dei heimlause barna og foreldra:) Hadde ein koselig kveld hos Hege og Ole Bjarte igår: Magnus og eg lånte Richard sitt rom medan Helge og minste barna overnatta i Nilsebu! Takk for gjestfrihet og hjelpsomhet folkens, de skal få noko fint til jul!!!

No er bilen pakka og eg må brette opp armane og komme meg i arbeid igjen!! Wish me good luck!

Regina

onsdag 15. desember 2010

Siste natt i kjelleren:)

Åh neida, det går ikkje på skinner! Men no gjer me oss ferdige med utvask i Hauglandskåken og flytter inn i Nilsebu fram til overtakelse! forhåpentligvis treng me berre ei natt hos mor og far før me kan flytte inn til oss sjølv. ALT avhenger av rørlegger og elektriker torsdag og fredag! Trappa er lokalisert i Bergen ikveld og skal vera på Austevoll i morgon kl. 13.00
Dagen har gått med til å flytte bort ei seng,stoler, kjøkkenbord ein sofa, eit skap og utallige kasser med ditt og datt. I kveld har Supermontøren banna seg gjennom 10 taklamper: da blei ekstremt mykje "fasøren og Huff, huff, huff" og ein runde med "pakk heile skiten ned og lever den tilbake til Living, større møklampe skal du leita lenge itte!!!" så 7 min. stillhet før " Yes, dar satt han!har du ei lyspære Regina!" No er det berre 2 punkt i huset som ikkje har lampe, puh!

Torsdag og fredag har Storebø skule velsigna meg med 2 dager flytteperm, kjem veldig godt med!

Håper på eit positivt innslag på bloggen i morgon kveld!

Regina

lørdag 11. desember 2010

Vindusvask og kvitemalte blomsterbrett!


Det var lite som skjedde på fredag, men på mandag då skal ALT skje!!
Helge og eg har fått kjørt fleire kasser bort og noko av det har komt på plass på cirka riktig plass! Vinduene er nesten klar for jul og blomsterbretta er no kvite og fine!
Tre taklamper er på plass og mykje rot og skrot er rydda vekk! Snille tante Hege hadde småtrolla på besøk, dei har laga eget pepperkakeresidens som dei skal få med seg så snart kjøkkenet er fritt for byggestøv! Takk for innsatsen Hege,




I morgon blir det fridag frå huset,svigermor skal feire 60 år og me er klare for familiedag på hotell i Hardanger!

torsdag 9. desember 2010

Jul i vårt hus!??

Det lukter ikkje akkurat mandariner og granbar i dette huset nei. Eg må ærlig innrømme at "optimisten" drog igang mange pesimistiske tankar ang å komme seg inn til jul ikveld.. Eit bad er ikkje flist, vaskerom, teknisk rom skal ha golv.. lister mangler både her og der, trappa er kkje komen til Austevoll eingong,det er rot, skrot, støv og spon i alle krokar etc etc! ikkje det at eg trur at Jula bryr seg om det, skal berre sjå ho kjem uansett!

Ingrid kom på besøk på "tomten" ikveld, stor stas å ringe på døra! Pittelitt julestemning tok ho med seg der ho kom i den røde kofta si..

Vil det lukte pinnekjøtt her om 15 dager? I nøden blir det julefeiring i Nilsebu, ikkje så verst det heller!

Blir spennede å sjå kva som skjer i morgon!

onsdag 8. desember 2010

Borte bra, men heima er best!

Hadde det no berre vore pepperkaker, julegaver, juleklær, juletre, juleklær, juleavslutninger etc så skulle me nok hengt med... med hus inn og utflytting som prikken over ien så blir dette litt i overkant for meg! Hadde det ikkje vore for dei flotte hjelparane våre så hadde ikkje dette gått rundt. forrige helg var alle tre diamantane på besøk hos svigermor og far i Arna, denne veka har dei meir eller mindre blitt tatt vare på av andre enn meg.. Det er utrulig godt at dei slepp å bruke adventstida på å rydde, vaske flytte i hus! også er det jammen godt å vaske, flytte, rydde uten hjelp frå dei små "hjelparane"!



Pappa "inspektøren" har no skifta tittel og blitt montør. Montøren er heller ikkje vanskeleg å be, ein telefon og 5 min.seinare så har eg han i hus! Første punkt som skulle få seg lampe blei loftstua, etter mange ord (som ikkje minner om jul) var lampen på plass og no har han knekt koden og er innstilt på å få på plass dei andre i løpet av helga.

Neste onsdag trur optimisten at ho bur på Hundvåkøy igjen! Etter å ha prøvd livet som Bergenser, Yankee, Stordabu, Arnafru, Bakkis og no Storebøkråke.. etter 17 år som bortebuar skal det bli godt å komme heim!



Regina!

Nedvask...

No er dørene på plass og idag kan me overta alle soveromma oppe og då starte nedvask.. denne dagen har eg sett fram til..
Tante Maria har to fridager og er heime for å hjelpe til med husinnspurten, så då blir Maria vaskehjelp ilag med meg mens Hege blir barnepasser! Verdens snilleste søstre det veit eg allerede at eg har,men eg prøver ikkje å ta det for gitt..



Så no er det eit par timer med lading før me set igang!

R

mandag 6. desember 2010

Noko skjer...


Helge er på jobb til torsdag og eg er på jobb om dagane så denne veka bir det berre kontroll besøk på ettermiddagane. Ingen rydding eller støvsuging før fredag, trur eg...
Innerdørene er no på plass i huset og me håper på at dei iallefall får på plass nokon før veka er omme.. Tenk då kan me "overta" romma og gjera dei klare for innflytting.. Eg har tenkt å leggje inn eit ynskje om at dei skal prioritere døra inn til stua og fått lista ferdig kjøkken/stue før fredag! Då kan eg iallefall få opp adventsstjerna i vinduskarmen!! Ingrid gleda seg til ho skal kunne sjå den frå barnehagen!!" og veit du ka Ingrid, da gjer eg og!!! "

Skotsund senior har såvidt begynt å flise badet oppe så no er det berre å håpe på at han held seg hos oss til han er ferdig med å flise to bad, inngangsparti og montere ovnen vår! Veit han har fleire gir så eg håper på han set inn turbogoret denne veka!!

I morgon håper me på at mr.Blix tek med seg ledningane sine og gjer ferdig elektriker arbeidet: Då kan me hente strøm i alle kontakter og slepp å slepe rundt på lyssoler frå rom til rom!!

Etter planen har me 11 dagar igjen i kjelleren!

R

fredag 3. desember 2010

14 dager til overtakelse!!??

Så er det 14 dagar til me skal flytte siste rest frå Haugland og bort i nytt hus!
Me har nytta deler av fredagen til å støvsuge spon og gipsstøv frå golv og vinduskarmer... nedvasken er rett og slett begynt!
I morgon blir det ein tur til miljøstasjonen med div.søppel før ein tur til Stolmen for å hente farmor og bestefar sitt gamle salongbord. Det blir spennende og få det i hus,syns det er flott å få ein liten bit av farmors hus inn i vårt nye.. Håper på det passer inn som hovedsalongbord ilag med nyesofaen som me snart skal få utover!


No er det Skavlan og fredelse i leiligheten, iskaldt ute, men godt og varmt her!

Regina

onsdag 1. desember 2010

Første luke!


Me skriver desember og me begynner for alvor å nærme oss innflytting.
Min alternative aktivitets kalender gav oss i oppgåve og kjøre bort hagemøbler/uteplanter og x antall banankasser til nyehuset! Snekker Aga har gjort ein rom heilt klart så etter ein rask "enjo" nedvask kunne Helge og Magnus fylle tilhengjaren med banankasser:) Magnus syns det var kjempespennende å kikke inn i kassane-... "herregud, der e kniven min, der er dei gamle bøkene mine...." Det skal bli spennende å pakke ut av kassene som blei pakka ned i juni for over to år siden!
Det er ikkje mange ting eg har savna, men eg gleder meg til å finne fram fotoalbum frå når ungane var heilt små.. No skal dei få komme opp frå mørket og inn i varmen!

Ellers har me sett månetoppen og gravd i oss 2 kg mandariner i løpet av programmet!


God adventstid folkens:)

Regina

mandag 29. november 2010

Ventetid...

Ventetida er forsterka iår og me har berre 18 nellikar igjen i vår husappelsin:)
Ute kjem det opp julelys og adventsstakar i alle hus og eg klør meir enn litt i fingrane! Eg som pleia å snikpynta dei siste dagane i november må igjen smøra meg inn med tolmodighet og vente, vente & vente..
Eg unngjekk å gå på huset idag, jobb, middag, kaffi og trening blei prioritert. Men Helge har vore der og stikkordet er listing! Gudane veit kor mange meter det er med gulvlister, taklister, vinduslister, dørlisterer, hjørnelister etc: to mann er på jobben og me veit at dei jobber det dei kan!
Muraren som skal flise bada har lova å begynne denne veka so då går me utfrå det, i løpet av neste veke bør han då vera ferdig med to bad og inngansparti:)


Ellers er det berre å nyte livet og vente: bør egentlig berre roe ned og spare krefter til det brakar laus med flytting...



God førjulstid alle mann!

Regina

torsdag 25. november 2010

Ved i hus:)


Det er to ting herr Vestrheim er veldig opptatt av at skal vera på plass før me flytter i hus: flatskjerm og peis! Mens eg tenker gardiner, håndklær,julepynt, lykter og sengetøy har han sine egne prioriteringer.. Det er forøvrig heilt greitt at han ikkje tenker så mykje på "mine ting", eg får styra på heilt for meg sjølv og om han legger merke til detaljane så syns han alltid det er fint:) (Dessuten er det, for min del, litt i overkant med ein mann på jakt etter dei rette håndklærne...)
No er vedovnen er komen i hus, og no er veden plassert i nyegarasjen og: Helge og dei to minste har vore til Ulvik og henta ved.Skal sei! Ovnen har eg ikkje sett enda, dvs eg har sett den gjennom plasten no. Brannmuren skal opp i nærmaste framtid, eg gleder meg! Og blir da ikkje stilig så har eg ein god unnskyldning i at dette er Helge sitt prosjekt..
Stua og øvre etasje har no fått parkett.. det blei raskt dekka til med papp, men eg er sikker på at det er fint!
Snille snekker Aga og eg har pønska ut ei lur hylle i trappeoppgangen, dvs eg pønsker og tenker høgt og han tenker videre og utfører snekkerarbeid.. Me hadde ein morsom dialog ang hylla: Eg " der skal eg jammen ha Ibsen og Bjørnson-bøkene mine" Aga : " ja, sørg for å plassere dei så høgt at ingen får tak i dei!! ¨Då lo eg!



R

mandag 22. november 2010

Jula kjem litt tidleg iår:)

Julenissen kjem litt tidlig iår... 17. desember er det duka for husoverrekkelse så no er det berre å starte nedtellingen.. Då har me (ja han pleier å kjøpe juletre) jo ei veke på å lage julehus og det er vel nok?


Mamma, pappa og Maria skal, etter planen, ferie jul ilag med oss så benkeplate og detaljane på kjøkkenet bør komma før den store dagen! No har me feria jul to år utan egen heim så dette bør berre bli ei god jul. Nok ei travel ei, men men!

Optimisten i meg håper endå at datoen blir justert ned mot den 10.:) Berre sånn at det er sagt.
No er utaplassen grusa og valsa, garasjeporten er snart på plass og listene har komt opp både her og der. Herlighet det er ein del lister i eit hus!

Walther har begynt å legge golv i loftstua og maleren har berre garderoberommet og vaskerommet igjen! Det lukter banankasser next!

Ha ein fin mandagskveld, her er det sofaliv etter ei god spinn/gyria økt.

R

tirsdag 16. november 2010

Utflytting!!

Det er fem-seks veker til jul og eg tek sikte på at det då er fem-seks veker til ut og innflytting.Juleforberedelsene kjem som ein deilig bonus på toppen og julefreden kjem heilt sikkert dalande over meg når eg trenger det mest??? eller ikkje..
Eg lika å kalle meg for ein god planleggjar...av og til ligg eg litt vel i forkant..
Uansett har eg starta å pakke i kassar idag! her har det jammen bygd seg opp ein del rot og skrot på dei to siste åra... Julegavene er snart i boks og jammen har eg fått levert 12 gaver ut til rett hus og:) Den betre halvparten syns sjølvsagt eg er hysterisk, men det går ikkje inn på ei husmor i ånd!! "Halvparten" syns alltid det er såå greitt å flytte; "Det er no berre til å få kassene i ein bil..." Ikkje veit han at det ligg 5 vekers forarbeid, og mange våkenetter med slagplanlegging i bunn:)Residensen har no fått kjøkken, berre benkeplate som mangler..kvitevarene kjem i morgon og ikveld rekna me med å ha ferdig malt stue og! Alle jobber på spreng for at me skal komme i hus til jul,me skylder mange ein takk hvis me får det til!
Og herr Vestrheim, han bør berre visa takknemlighet ovenfor ho som står på hovudet i banakassa i tid og utide:)




God kveld, Regina.

onsdag 10. november 2010

Heim kjære heim!

Onsdag er det fri frå jobben dag, herligt å ha tid til hus, heim og trim uten å måtte ommøblere på ungane! Det er så fint og kaldt idag, hadde meg ein frisk tur rundt "Dalavegen": huskar eg savna denne turen når eg budde vekke frå Austevoll. Idag var det lett å forstå kvifor:





På huset går det unna, veluxvindu, betongsteinplater og baderomsstøyp er viktige stikkord:)

Snekkarane lo litt ang min drøm om innflytning 12. desember, men eit juletre her 24.desember det er dei med på om at må la seg gjera:) Me får sjå!

Regina

tirsdag 9. november 2010

Mykje lys og mykje varme:)

Verdens beste mann har bursdag og strømmen er på plass i residensen! Ein gledens dag! Onkel Arne fekk gleden av å vera straumhelt og var den som fekk slå på brytaren for første gang. Ikkje er me av dei som har jobba mest med å få denne strømmen på plass, men det føles uansett som ein lettelse, til natta er det meldt ned mot minus 10 grader så då kjem det veldig godt med. Etter at bursdagsmiddagen m/kaffibesøk var unnagjort så bar det rett mor huset..Maleren har gjort seg heilt ferdig i 2. høgda og no er stua såvidt påbegynt..


Med varme i huset går det an å begynne å tenke på parkett, lister, dører etc!
Muraren har flislagt kjøkkenet og bada står no for tur. Med Skotsund senior som flisleggjar veit eg at det kjem til å gå unna når han først kjem igong:)

lørdag 6. november 2010

Bilder på ein laurdag!




Kor mange laurdager er det til me er i hus? Eg legg inn eit wild guess på 6 (inkludert ikveld) Me får sjå!

fredag 5. november 2010

Travel start på helga...


Huset begynner å ligne ein heim og eg fryder meg! Hadde me berre hatt litt varme og lys no så hadde eg flytta inn..trur eg.
Fekk eit lite hull i undervisningen idag og heiv meg i bilen; elektrikerprat, gravemaskinprat, snekkerprat og murerprat: Her er det berre å late som ein veit kva ein snakkker om og purre på tempoet! Murer Skotsund skal begynne å flise på mandag: " Er det sånn at du tenker deg å feire jul her" hehe (implisitt høyrer eg "typisk kvinnfolk, alltid utolmodig").Ja eg har tenkt å feire jul i nytt hus, faktisk! Else på jobben flytta inn før taksteinen var på plass så då kan vel eg flytte inn før ALT er ferdig? Garasjeport, betongsteinplater og liknande utearbeid står no nederst på prioriteringslista, både for oss og for arbeidsteamet!
Etter jobb henta mamma dei små i barnehagen og pappa kom for å hjelpa meg med opprydning utanfor; Plassen er no skrapt for container, snekkerbu, paller , betongstein,store steiner og anna skrot.Den er rett og slett klar for grus og skråningen klar for jordslåing på skikk! Neste veke Martin, det har me jammen sagt lenge no.. Men denne mannen nekter å gjere noko som helst halvgjort så han sat krav om ein tom uteplass før han begynner!
Tirsdag er det Helge sin bursdag og han ynskjer seg elektrisk strøm: onkel Arne er kobla inn så får me sjå om han kan innfri.. Blix har LOVA å gjera seg ferdig på tirsdag så då er det berre for kraftlaget å koble på! iALLEFALL I NOK STIKKONTAKTER TIL LYS OG VARME:)



Hadde tolmodighet vore tilsalgs i lausvekt så veit eg om ei (minst!) som skulle hatt seg ein pose!

God fredag folkens:)

Regina

mandag 1. november 2010

La det bli lys!

Mandag starta godt med fire mann i arbeid.. Walther har plata alle romma oppe,no er det maling neste.. etter det er det golv og lister! Nede var dei heilt ferdig med stove og hall, gjesterommet står for tur..Eg klarte jo ikkje å holde igjen idag, begeistringa var ikkje til å leggje skjul på..Det har gått på skinner inne lenge no, kjekt for oss og kjekt for snekkarane. Blænes sitt mannskap er både dyktige og kjekke å ha i hus: takk for da!Ute skjer det ting, men sluttført er det ikkje enda. Det er fortsatt ikkje strøm i skapet og ikkje veit me med sikkerthet når det kan skje. Da blir halleluja stemning når me kan slå på bryteren for første gong..Kanskje i neste veke? Maleren skulle så absolutt hatt varme inne, ellers er tørkatida så mykje mykje lengre....surt:(
I morgon er det rørleggeren som skal te pers, me må få kjøpt baderomsmøbler fortare enn svint! Håper på å ordne det via Hanøy.Han lover å matche prisane i bydn!

Om at går sin gang inne så er me no snart avhengig av strøm for vidare progresjon.
Da blir strømfest snart, det må det berre.





Regina

lørdag 30. oktober 2010

Male, rydde og fotball lørdag:)


Etter ein knall koselig fredagskveld hos Cathrine og Ørjan i Sandviken vart det ein litt treg start på lørdagen... men etter litt frokost måtte me bort og møte malermesteren! Eg hadde sett for meg at heile familien skulle rydde ute, mens maleren fekk jobba i fred inne.. Når maleren var satt igang forsvant Helge og ungane på trelasten for på kjøpe inn nødvendig utstyr..hmm? Eg hadde godt av frisk luft og litt regn i fjeset og nytta anledningen til å rydde boss, paller, isolasjon, plast, verktøy etc utanfor. Herre kor mykje rask! Etter at Kraftlaget ikkje var nøgd med grøftene til strømkablane så måtte Martin prioritere å jobbe med feltet og ikkje hos oss. Satser på me får grusa utanfor i neste veke.
Før me gjekk frå huset så hadde malaren strimla ferdig kjøkken og spisestue, da lukta litt arbeidsmaur av denne karen her og: det passer veldig bra. I løpet av tre fire veker trur han at han skal vera ferdig med malejobben, då skriv med 27.november:)
Så til dagens høgdepunkt, på Eidsbøen var det duka for fotballfest og opprykksmulighet: Denne gangen klarte Stig Storebø og guttane og sikre seg plass i 2.divisjon i 2011. Gratulerer til heile fotball Austevoll:)

















På mandag må me kjøpe innemaling,tenk på det!

God lørdagskveld, Regina

mandag 25. oktober 2010

Tilbake til virkeligheten...

Etter å ha hatt ei draumehelg i Oslo med goooood tid til alt, kom virkeligheten litt brått på mandagen.
Torsdagskvelden satte husmora seg på båten mot Flesland og ikkje lenge etter på kunne "ho" sjekke inn på "hotell Waage" i Welhavensgate 9. ein liten rullekoffert med klær, ei knakande god bok, Anna og haugavis med tid lagde ramma for helga.. Kort oppsummert blei da hundre kopper Espresso,Cappuchino,te, kinobesøk, middager, joggetur i Wigelandsparken ( Eller va da Migeland Anna?),Grunerløkka,operaen,spinning o.l på Elixia, Holmenkollen( sett joggande frå Frogner), Trinegjensyn, høge hælar, vonde bein, Knausgård, trikkdebut, litt shopping og mykje prat og lika mykje søvn... I will be back Anna, hvis du gidd:) Søndag kom verdens finaste velkomstkomite og henta meg på Flesland, kjekt å komma heim og: heldigvis!
Mandag etter jobb skulle det vera kjekt å ta ein tur på huset, men der var det utfordringer i kø.. aggregatet streika! Hæææ? ka? Aggregat? Eg fekk eit tips av snekkeren og ringa Sandtorv maskinservice. Eg har jo Nils Andre (verdens luraste maskinmann) på mobilen, men det er kanskje litt frekt å ringe han? eg ringe Sandtorv Maskin, der fekk eg eit supertips; ring Nils Andre, hvis da e nokon som kan fiksa det så er det han... ok! Nils Andre eller snippen fant raskt ut kva som var gale og no er delane bestillt! Skotsund kunne begynne å flise kjøkken på fredag..herremin, eg heng på slep!
No kom Maria på liggebesøk so no får me "gje oss"...
God mandagskveld, Regina

onsdag 20. oktober 2010

Strøm på veg...


No er det skikkelig innspurt og tusen avgjørelser som må tas...minst!
Malere, farger, baderomsmøbler, fliser, tak, el.punkt, kvitevarer etc. Da går i ball for både meg og finansministeren! Iløpet av neste veke håper me på å vera der at avgjørelsane er i boks, so får dei gjera jobben dei som kan. Det var veldig gledelig å sjå fullt i oransj/grønnklede menn i grøftene ned mot barnehagen. Kraftlaget har starta jobben med å trekke ledninger opp mot feltet. Elektriker Blix har gjort det han kan klart inne og meldt inn at det her kjem ein familie som ynskjer strøm te jul!!
Snekker teamet er nokså sikker på at me kan få feire jul i nytt hus. "Gi oss to uker så skal det være klart for malerene å begynne".. musikk i herr og fru Vestrheims øyrer på ein knallkald onsdag.
Paneltaket er på plass på loftet, ferdig behandla med solfaktor, ,i tillegg ligg det og tusen på tusenvis av gipsplater å venta på å bli sprikra opp på vegg eller tak!Minst!Tre mann i arbeid inne og minst fem mann i grøftene ++ Martin som jobber med vegen nede = ein kan ikkje klaga!
I morgon er det jobb til 14.00 så husmorhelg hos Anna i Oslo!Ser fram til ei koselig helg med ei kjempeskjønn kusine.

Ute snør det såvidt!

lørdag 16. oktober 2010

Laurdag på huset..

Stillasa er no tatt vekk og eg kunne endelig åpne soveromsvindua mot sør: på ein dag som dette er det ingenting å seia på utsikten..sjølv om eg er oppvokst med fri utsikt er det noko med det.

Inne er ser det slik ut i alle rom no; gult og ferdig lekta. Blir kjekt med plater. No må me berre få malare på plass.. ellers blir det mykje for beisesjefen å ta!

Mandag blir det utedag for snekkarane, håper dei skal rydde plassen sånn at me kan få grusa på skikk. Martin er her ein dag iblant så det er om å gjera å få gjort det som skal gjerast før dei pakkar maskinene sine og drar..


Gleda meg til mandag, igjen!

Regina

torsdag 14. oktober 2010

Haustferie og ein liten pause frå husprosjektet!

No er haustferien godt igang, den har til no vore rik på opplevelsar for både store og små. Magnus sitt store høgdepunkt vart jaktbeduten på Hamlagrø med Helge og Olav Endre: med overnatting i telt og skikkelig jegerliv:)
Mandag reiste eg og dei to minste til Arna for å samle troppen og ha ein haustferie hos besto og besten i Seimshovden. Kort oppsummert hadde me nokre flotte dager i Arna med både tur i Stoltzen, jentejogg på Nipo, akvarietbesøk,pizzakos i Høgatun og sist men ikkje minst må eg nevna utebading med svigermor og "året rundt" badegjengen hennar:) Steiki kaldt, nesten litt vondt men dog ein opplevelse.. 8-10 damer møtes kvar mandag til ein dukkert i Arnafjorden. Dei mest drevne av desse har holdt på så lenge at dei ikkje visste om dei var igong med 6. eller 7. år:) Med hodelykter, termometer, badesko var dei som skikkelig proffe å rekna. Eg hadde svigermors si finbadedrakt på og det rekna eg med kompenserte for manglande utstyr elles! Etter dukkerten var det av med det våte, på med tørt og full gange heim... ein opplevelse rikare!






Torsdag var det heim att og rett på huset.For å seia det enkelt og som lille Ingrid uttalte så har "pipemannen" lagt pipa! Ellers er alt klart for elektrikaren, forhåpentligvis kjem han i morgon den dag.



Deretter er det jammen santen veggane som skal opp. Kvitevarer er i bestilling, fliser likeså, pipemannen har sagt ja til å flise kjøkken og gangen vår: kjempe! Etter at han er ferdig med det kjem to Norema montører med kjøkkenet. Dersom alt går etter planen skal me ha eit kjøkken 17.november! Dette har eg sagt før, men time will show:)

No skal me berre nyta dei tre siste dagane av haustferien:)


Ps: termometeret viste 10 grader: ikkje veit eg om det er noko å skryta av , men det er iallefall personleg rekord:)

Regina

lørdag 9. oktober 2010

Fine folk i hagen!

I fantastisk haustver samla me ein tropp til turlagstur til Storevarden.. nesten 80 små og store møtte opp og turen att og fram gjekk sjølvsagt knirkefritt i dette været! På returen vart det ein liten samling i hagen, den som kunne invitert på kaffi! Ein ekstra runde inne med Cathrine, Cornelia og Elisabeth fekk me og, håper eg utrykte meg sterkt nok og at bodskapen om at familien Mellingen/Østervold er meir enn litt ønska som naboer kom fram. Finare naboer er det vanskeleg for meg å velgje ut.


























Lørdagskveld i kjelleren, meg og dei to minste! Helge og Magnus har med seg Olav Endre og er reist på jakt.Spennende korleis Magnus sin jaktdebut blir, lykketil storebror!

R

fredag 8. oktober 2010

Jula er redda!

Det er "snart" jul og eg syns det var stress å tenke på at me muligens var plassert mellom barken og veden i høgtida. Barken er då Hauglandskjelleren og veden er nyeresidensen.. I og med at dei nye eigarane skulle flytte inn 1.desember var dette den harde realitet om ikkje huset då skulle vera ferdig for overtaking.
På skulen diskuterer me julespel for elevane, i butikken kan du kjøpe julekaker og julemagasin,Cathrine er heime frå Bergen for å øve inn årets julekonsert: det er ikkje lett å oversjå om at me nærmar oss!!
Gleda var derfor kjempestor når Mandana ringte igår og forsikra oss om at me ikkje treng tenkje på utflytting før huset er ferdig.. Lettelse... Einaste Magnus syns da litt dumt," Eg lika når me putta alt i kassa og kjøre att og fram med flyttebil eg..." Gutten er miljøskada av all flyttinga! Men eg kunne forsikra han om at det ikkje er mykje om å gjera før me uansett skal til med ein ny sjau, denne gleda eg meg veldig til og ! Banankassa og eg går godt ilag:)

onsdag 6. oktober 2010

Gult hus:)

Etter at Magnus var ferdig på skulen var det dags for dagens kikkerunde i huset. Inne er det no gult, eller isolert, overalt! Lun og fin stemning inne mens hausten herja ute. Walther kunne forsikra om at huset eller taket holder tett, den e go!
Nede jobba ein mann med lekting og to mann lager rammene til dei ulike romma. Ein kan skimta romfordelinga no. Magnus har tatt seg ut soverom, ikkje overraskande tok han det største og beste til seg sjølv. Dessuten er det det rommet som tilsvarar Ole Andre sitt rom i "huset på haugen", say no more:)



No heia med på Austevoll kraftlag og Martin- strøm og veg bør snart komma på plass.

God kveld frå Haugland.

mandag 4. oktober 2010

Skikkelig bra innevær!



Ute er det haust på skikk og me er glad for at huset no er tett og at dei kan ta fatt på innearbeidet. Bra for huset og bra for snekkerane:)
På veg i barnehagen så har hjula og styret ein tendens til å siga seg mot høgre før barnehagebakken.. Eg berre må opp og sjå! I og med at klokka hadde bikka 15.00 så rekna eg med at det berre var Walther som stod igjen.. Der tok eg klekkeleg feil.. fullt hus og stor aktivitet! Fire menn i arbeid, får me behalde heile gjengen så skal Blænes få noko fint hos oss til jul. Inne går det fortsatt i isolasjon, ventilasjonsanlegg og taklekter! Få no opp ein vegg snart!

Fru Vestrheim (Den yngre)

torsdag 30. september 2010

Tempo, tempo!

Taket er no ferdig ferdig og betongplatene har dei begynt å setje opp.
Ei fryd å sjå at det no er vanskeleg å hengja med i svingane.. kan nesten ikkje gå i detalj her, det går rett og slett "onda"..Med ikkje mindre enn 4 mann i arbeid så er det kanskje ikkje så rart. Rørlegger Hanøy har i tillegg lagt tilrette for rør idag og Helge og han har teikna innredninga til badet oppe.. Satser på det blir bra. No gjenstår det berre å kontrollmåle fuktighet i huset før dei kan dra til med plating og inndeling inne... me skulle ideelt sett hatt strøm til ein avfuktar som skulle gått døgnet rundt no, men me satser på det ikkje er så mykje fuktighet at det er nødvendig. Krysser fingre for bånn gass inne i neste veke..
Walther trur ikkje det er "umulig at me er inne til jul " så då har han planta ein masse med forventninger i heile Vestrheimskompaniet..All I want for x-mas:)




Regina

søndag 26. september 2010

Endelig slutt på helga!


Denne helga har eg kjent sterkt på utolmodigheten etter å komme i nytt, eget hus!
Det klør faktisk litt i både armer og bein etter å pakke sammen pikk og pakk
og flytte det med oss over brua.. iløpet av helga veit eg ikkje kor mange ganger me har kjørt bort.Magnus og Halvard er særlig ivrig på å komma seg over osen: eit vanlig sitat frå eldsteguten kan vera "eg klara ikkje ein heil dag her med deg mamma!"...
Gleda meg til mandag og progresjon på huset, det ser ut som om værgudane kompensere for den elendige starten dei sjenka oss i startgropa. 2 mnd forsinkelse pga snø er snart gløymt no.No ser me fram til ei solfyllt veke og håper på å at dei får all takstein på plass og at Helge,med litt hjelp frå meg, kan få unnagjort resten av detaljbeisinga!

God natt frå Hauglandskjelleren.

fredag 24. september 2010

Tante Maria er no oppdatert:)

Idag var det Maria sin tur til å bli med på synfaring på huset.. På vegen opp møtte me tre av arbeidskarane på veg til å ta helg, Walther derimot stod igjen på taket.
Mykje tak er på plass, men det går nok eit par dager ut i neste veke før dei kan trekkje innomhus...




Halvard og tante Maria testa ut plenen som leikeplass og me kunne konstatere at eit par nakne flekker på plenen ikkje gjer so mykje:) Var eg for gniten med frøa eller er jorda berre litt næringsfattig? Muligens kjem den sterkare tilbake neste vår?
No er det fredag i kjelleren:) Fredelsen er her etter ein nokså travel dag!

God helg!

onsdag 22. september 2010

Der ingen kunne tru at nokon kunne bu...

Fridagen idag gjekk ikkje med til beising og godt var egentlig det! Etter å ha hatt min debut hos kiropraktor igår unna eg meg ein skikkelig fridag med ingenting på agendaen=Deilig!Været var skikkelig ruskete så eg hadde ikkje trudd gjengen kunne jobbe på taket idag, men frå Austevollbrua kunne ein skimte 4 oransje regnfrakker på taket= godt jobba folkens! I tre tida idag så var dei ferdig med minst halvparten av taket. Helge har vore taksjef og har tatt ut takpanner uten innblanding frå meg...eg vart positivt overraska når eg fekk sjå resultatet, det til tross for at eg viste at mannen har skikkelig god smak:)


Etter deilig hausttur med Maria på Kongsen fekk eg telefon frå Bergen turlag..

Den nokså kjente Oddgeir Bruraset (Mr.Der ingen kunne tru at nokon kunne bu)ville komme på besøk til Austevoll og helde foredrag/kåseri og me i Austevoll turlag fekk i oppdrag og lage eit aldri så lite arrangement rundt dette.. Ikkje lenge etterpå hadde eg ei velkjent Nrk stemme på tråden.. eg berre måtte spørre: "E da sånn at du tenkjer deg at Austevoll er ein slik stad som ingen kunne tru..." " Åh nei du, langt ifrå, eg veit når sant skal seiast ikkje kor Austevoll ligg eingang!"
Det må me gjera noko med, no ser me fram til kulturkveld i kultursalen 3. november!

God tirsdagskveld:)