lørdag 30. oktober 2010

Male, rydde og fotball lørdag:)


Etter ein knall koselig fredagskveld hos Cathrine og Ørjan i Sandviken vart det ein litt treg start på lørdagen... men etter litt frokost måtte me bort og møte malermesteren! Eg hadde sett for meg at heile familien skulle rydde ute, mens maleren fekk jobba i fred inne.. Når maleren var satt igang forsvant Helge og ungane på trelasten for på kjøpe inn nødvendig utstyr..hmm? Eg hadde godt av frisk luft og litt regn i fjeset og nytta anledningen til å rydde boss, paller, isolasjon, plast, verktøy etc utanfor. Herre kor mykje rask! Etter at Kraftlaget ikkje var nøgd med grøftene til strømkablane så måtte Martin prioritere å jobbe med feltet og ikkje hos oss. Satser på me får grusa utanfor i neste veke.
Før me gjekk frå huset så hadde malaren strimla ferdig kjøkken og spisestue, da lukta litt arbeidsmaur av denne karen her og: det passer veldig bra. I løpet av tre fire veker trur han at han skal vera ferdig med malejobben, då skriv med 27.november:)
Så til dagens høgdepunkt, på Eidsbøen var det duka for fotballfest og opprykksmulighet: Denne gangen klarte Stig Storebø og guttane og sikre seg plass i 2.divisjon i 2011. Gratulerer til heile fotball Austevoll:)

















På mandag må me kjøpe innemaling,tenk på det!

God lørdagskveld, Regina

mandag 25. oktober 2010

Tilbake til virkeligheten...

Etter å ha hatt ei draumehelg i Oslo med goooood tid til alt, kom virkeligheten litt brått på mandagen.
Torsdagskvelden satte husmora seg på båten mot Flesland og ikkje lenge etter på kunne "ho" sjekke inn på "hotell Waage" i Welhavensgate 9. ein liten rullekoffert med klær, ei knakande god bok, Anna og haugavis med tid lagde ramma for helga.. Kort oppsummert blei da hundre kopper Espresso,Cappuchino,te, kinobesøk, middager, joggetur i Wigelandsparken ( Eller va da Migeland Anna?),Grunerløkka,operaen,spinning o.l på Elixia, Holmenkollen( sett joggande frå Frogner), Trinegjensyn, høge hælar, vonde bein, Knausgård, trikkdebut, litt shopping og mykje prat og lika mykje søvn... I will be back Anna, hvis du gidd:) Søndag kom verdens finaste velkomstkomite og henta meg på Flesland, kjekt å komma heim og: heldigvis!
Mandag etter jobb skulle det vera kjekt å ta ein tur på huset, men der var det utfordringer i kø.. aggregatet streika! Hæææ? ka? Aggregat? Eg fekk eit tips av snekkeren og ringa Sandtorv maskinservice. Eg har jo Nils Andre (verdens luraste maskinmann) på mobilen, men det er kanskje litt frekt å ringe han? eg ringe Sandtorv Maskin, der fekk eg eit supertips; ring Nils Andre, hvis da e nokon som kan fiksa det så er det han... ok! Nils Andre eller snippen fant raskt ut kva som var gale og no er delane bestillt! Skotsund kunne begynne å flise kjøkken på fredag..herremin, eg heng på slep!
No kom Maria på liggebesøk so no får me "gje oss"...
God mandagskveld, Regina

onsdag 20. oktober 2010

Strøm på veg...


No er det skikkelig innspurt og tusen avgjørelser som må tas...minst!
Malere, farger, baderomsmøbler, fliser, tak, el.punkt, kvitevarer etc. Da går i ball for både meg og finansministeren! Iløpet av neste veke håper me på å vera der at avgjørelsane er i boks, so får dei gjera jobben dei som kan. Det var veldig gledelig å sjå fullt i oransj/grønnklede menn i grøftene ned mot barnehagen. Kraftlaget har starta jobben med å trekke ledninger opp mot feltet. Elektriker Blix har gjort det han kan klart inne og meldt inn at det her kjem ein familie som ynskjer strøm te jul!!
Snekker teamet er nokså sikker på at me kan få feire jul i nytt hus. "Gi oss to uker så skal det være klart for malerene å begynne".. musikk i herr og fru Vestrheims øyrer på ein knallkald onsdag.
Paneltaket er på plass på loftet, ferdig behandla med solfaktor, ,i tillegg ligg det og tusen på tusenvis av gipsplater å venta på å bli sprikra opp på vegg eller tak!Minst!Tre mann i arbeid inne og minst fem mann i grøftene ++ Martin som jobber med vegen nede = ein kan ikkje klaga!
I morgon er det jobb til 14.00 så husmorhelg hos Anna i Oslo!Ser fram til ei koselig helg med ei kjempeskjønn kusine.

Ute snør det såvidt!

lørdag 16. oktober 2010

Laurdag på huset..

Stillasa er no tatt vekk og eg kunne endelig åpne soveromsvindua mot sør: på ein dag som dette er det ingenting å seia på utsikten..sjølv om eg er oppvokst med fri utsikt er det noko med det.

Inne er ser det slik ut i alle rom no; gult og ferdig lekta. Blir kjekt med plater. No må me berre få malare på plass.. ellers blir det mykje for beisesjefen å ta!

Mandag blir det utedag for snekkarane, håper dei skal rydde plassen sånn at me kan få grusa på skikk. Martin er her ein dag iblant så det er om å gjera å få gjort det som skal gjerast før dei pakkar maskinene sine og drar..


Gleda meg til mandag, igjen!

Regina

torsdag 14. oktober 2010

Haustferie og ein liten pause frå husprosjektet!

No er haustferien godt igang, den har til no vore rik på opplevelsar for både store og små. Magnus sitt store høgdepunkt vart jaktbeduten på Hamlagrø med Helge og Olav Endre: med overnatting i telt og skikkelig jegerliv:)
Mandag reiste eg og dei to minste til Arna for å samle troppen og ha ein haustferie hos besto og besten i Seimshovden. Kort oppsummert hadde me nokre flotte dager i Arna med både tur i Stoltzen, jentejogg på Nipo, akvarietbesøk,pizzakos i Høgatun og sist men ikkje minst må eg nevna utebading med svigermor og "året rundt" badegjengen hennar:) Steiki kaldt, nesten litt vondt men dog ein opplevelse.. 8-10 damer møtes kvar mandag til ein dukkert i Arnafjorden. Dei mest drevne av desse har holdt på så lenge at dei ikkje visste om dei var igong med 6. eller 7. år:) Med hodelykter, termometer, badesko var dei som skikkelig proffe å rekna. Eg hadde svigermors si finbadedrakt på og det rekna eg med kompenserte for manglande utstyr elles! Etter dukkerten var det av med det våte, på med tørt og full gange heim... ein opplevelse rikare!






Torsdag var det heim att og rett på huset.For å seia det enkelt og som lille Ingrid uttalte så har "pipemannen" lagt pipa! Ellers er alt klart for elektrikaren, forhåpentligvis kjem han i morgon den dag.



Deretter er det jammen santen veggane som skal opp. Kvitevarer er i bestilling, fliser likeså, pipemannen har sagt ja til å flise kjøkken og gangen vår: kjempe! Etter at han er ferdig med det kjem to Norema montører med kjøkkenet. Dersom alt går etter planen skal me ha eit kjøkken 17.november! Dette har eg sagt før, men time will show:)

No skal me berre nyta dei tre siste dagane av haustferien:)


Ps: termometeret viste 10 grader: ikkje veit eg om det er noko å skryta av , men det er iallefall personleg rekord:)

Regina

lørdag 9. oktober 2010

Fine folk i hagen!

I fantastisk haustver samla me ein tropp til turlagstur til Storevarden.. nesten 80 små og store møtte opp og turen att og fram gjekk sjølvsagt knirkefritt i dette været! På returen vart det ein liten samling i hagen, den som kunne invitert på kaffi! Ein ekstra runde inne med Cathrine, Cornelia og Elisabeth fekk me og, håper eg utrykte meg sterkt nok og at bodskapen om at familien Mellingen/Østervold er meir enn litt ønska som naboer kom fram. Finare naboer er det vanskeleg for meg å velgje ut.


























Lørdagskveld i kjelleren, meg og dei to minste! Helge og Magnus har med seg Olav Endre og er reist på jakt.Spennende korleis Magnus sin jaktdebut blir, lykketil storebror!

R

fredag 8. oktober 2010

Jula er redda!

Det er "snart" jul og eg syns det var stress å tenke på at me muligens var plassert mellom barken og veden i høgtida. Barken er då Hauglandskjelleren og veden er nyeresidensen.. I og med at dei nye eigarane skulle flytte inn 1.desember var dette den harde realitet om ikkje huset då skulle vera ferdig for overtaking.
På skulen diskuterer me julespel for elevane, i butikken kan du kjøpe julekaker og julemagasin,Cathrine er heime frå Bergen for å øve inn årets julekonsert: det er ikkje lett å oversjå om at me nærmar oss!!
Gleda var derfor kjempestor når Mandana ringte igår og forsikra oss om at me ikkje treng tenkje på utflytting før huset er ferdig.. Lettelse... Einaste Magnus syns da litt dumt," Eg lika når me putta alt i kassa og kjøre att og fram med flyttebil eg..." Gutten er miljøskada av all flyttinga! Men eg kunne forsikra han om at det ikkje er mykje om å gjera før me uansett skal til med ein ny sjau, denne gleda eg meg veldig til og ! Banankassa og eg går godt ilag:)

onsdag 6. oktober 2010

Gult hus:)

Etter at Magnus var ferdig på skulen var det dags for dagens kikkerunde i huset. Inne er det no gult, eller isolert, overalt! Lun og fin stemning inne mens hausten herja ute. Walther kunne forsikra om at huset eller taket holder tett, den e go!
Nede jobba ein mann med lekting og to mann lager rammene til dei ulike romma. Ein kan skimta romfordelinga no. Magnus har tatt seg ut soverom, ikkje overraskande tok han det største og beste til seg sjølv. Dessuten er det det rommet som tilsvarar Ole Andre sitt rom i "huset på haugen", say no more:)



No heia med på Austevoll kraftlag og Martin- strøm og veg bør snart komma på plass.

God kveld frå Haugland.

mandag 4. oktober 2010

Skikkelig bra innevær!



Ute er det haust på skikk og me er glad for at huset no er tett og at dei kan ta fatt på innearbeidet. Bra for huset og bra for snekkerane:)
På veg i barnehagen så har hjula og styret ein tendens til å siga seg mot høgre før barnehagebakken.. Eg berre må opp og sjå! I og med at klokka hadde bikka 15.00 så rekna eg med at det berre var Walther som stod igjen.. Der tok eg klekkeleg feil.. fullt hus og stor aktivitet! Fire menn i arbeid, får me behalde heile gjengen så skal Blænes få noko fint hos oss til jul. Inne går det fortsatt i isolasjon, ventilasjonsanlegg og taklekter! Få no opp ein vegg snart!

Fru Vestrheim (Den yngre)