mandag 16. november 2009

Svineinfluensa og skyting.
























Det er kanskje den beryktede influensaen som har tatt ein tur inn i Hauglandskjelleren? Ingrid kom heim frå barnehagen med feber på fredag og eg stilte meg inn på ei veka med sjukdom.Ingrid såg ut til å vera pigg igjen på lørdag mens eg merka meg det eine symptomet etter det andre komme snikande utpå lørdags formiddag.Søndag var det ned for telling: Heldigvis var mamma, Hege, Karin og pappa klare for nødhjelp og søndagen gjekk oppi søvn/sofaliv uten småfolk i hus. Dei to minste blei levert ferdig bada og mette rett før leggetid på søndag medan skulegutten overnatta hos besto og besten:)Ingenting å seia på nettverket, det er heilt sikkert!
Pappa og mamma kom med Halvard og Ingrid på denne måten:Far: Hei Gudla, korleis går da med deg?...3 sekund stillhet..har du tenkt meir på da med doen!? De har ein UNIK mulighet der altso.
Eg: eg orker ikkje no pappa!
Far: nei, nei.. berre so synd me ikkje teikna ein halv meter breiar garasje..
Eg: Ser dumt på han ( Ser du ikkje at eg er råka av svineinfluensa!!!?)
Mamma: Herlighet, no må du gje ho fred. Ho har svineinfluensa!

Ikkje er eg heilt sikker på at det er svineinfluensa me har, men akkurat der var eg veldig glad for alt svinehysteriet!! Hadde det bare vore ei vanlig omgangsjuke hadde eg nok ikkje sluppet så billig unna!

Helge kjem dessuten nett frå tomten, første sprengning foretatt:)Merker oss datoen 16.november og håper på at Ekren holder ord! (2 mnd frå første spregning skal tomten vera klar)

mandag 9. november 2009

Oppstart!



So har det seg endeleg sånn at Ekren har begynt å grave på tomta vår.Aldri før har eg blitt begeistra over å sjå ei gravemaskin i sving! Pappa har tatt førbilde til oss "heise kjekt å ha eit bilde fra før dei skyte"! No er tomta rydda og klargjort for borring. Dette er i utgangspunktet berre positivt, men eg kjenner at utolmodigheita melder seg på samme tid. Kortid kan me egentlig venta å vera i hus? Inntil dess har eg sterke ynskjer om å leve "det gode liv" i kjeller leiligheta på Haugland:) Når veggane kjem og tar oss og støynivået blir altfor høgt prøver eg å tenkje på at det er steikji lett å rydde "heile" heimen her... Butikken er nesten nabo, ungane er plassert på "riktig" skule og barnehage i forhold til kor rota skal slåast.Dessuten kan eg rulle på to hjul ned på jobb på 2 min.. Alltid litt på både sider! Heia Ekren, heia Blænes bygg:)

Mitt "tipp" er innflytning i løpet av sommeren 2010:)

mandag 2. november 2009

onsdag 28. oktober 2009

Prosjekt kjøkken.
















For dei som aldri har sett for seg sitt drømmekjøkken e da ikkje enkelt å teikna seg eit.
Det finns eit hav av muligheter både med tanke på design og funksjonelitet. Første kjøkken trudde eg var ferdig forrige fredag. Der tok eg feil... optimistisk skulle eg visa fram teinkninga te Nilsn! " Åh herliga London, skal du trakka at og fram på den måten der", " Kor ska du egentlig ha gafflane?" Nei, herlighet Regina.. Bar bakke igjen. Trur einaste eg har fronten: Da må bli eik..Syns det er både lunt og fint.

I morgon starter planlegging av tomteplanering. Ekren har lova at innen 2 mnd skal han vera ferdig med planeringa..time will show:)Eg tek ALT med litt salt om dagen!

torsdag 22. oktober 2009

Husteikningar


Prøvde, uten hell, å leggje til pdf fila med alle hus bileta våre på. Måtte ta til takke med eit enkelt bilde frå mesterhus sin katalog. Me har gjort endringer både ute og inne og fått dette teikna om.Syns me er på veg til eit praktisk hus no.
Pappa er stille fortvila for at me må gå gjennom "heile" hallen for å gå på do.. "Datta kjem de te å angra på, sann mine ord"... Då skal han eventuellt få gleden av å utbryte" Da va da eg sa!!"
Her er mange plusser i budsjettet så me har valgt å droppe "Nilsedoen".
Finansministeren har talt!

tirsdag 20. oktober 2009

Prosjekt heim.

Etter å ha blitt ein ivrig bloggleser så har eg no altså oppretta min eigen.. når til og med statsministeren er opptatt av bloggen sin so e da vel allment akseptert? Denne skal altså (i all hovudsak)handle om huset som forhåpentligvis er eit hus innen neste år. Etter eit år med venting er endelig dei fire pinnane komen i jorda:) Snart eig me eit stykke jord på Hundvåkøy, Austevoll.
Litt tilfeldig er det at me vendte oss ut mot havet igjen etter mange år i Arna, men eg håper og trur at me slår slitesterke røtter når me kjem i eget hus.På ambivalente dager ( dei kjem stadig sjeldnere) tenkjer eg på jobben både på skulen og treningssenteret, mamma, pappa, Maria( Du må berre komma oftare heim snuppa), havet, naturen forøvrig, roen på landet, gode venner for både meg og mine og ikkje minst Hege med sine på haugen !

Hege er som kinderegget med meir hos oss: tante, søster, venn, treningspartner,te vennine, middagsdamo,helsesøstera, sjukepleiaren, barnevakten, ekstra bilen, veilederen og mykje meir: Alt i ei og same dame) Uten deg var eg nok vegen inn til "under fjellene" kortare.
I Arna har me og familie og gode venner.. ein får snu det til det positive og tenkje at me faktisk har to plasser på jorda som me likar oss:) Ikkje verst det! Dessuten er det veldig flott å ha beste/sviger foreldre i Arna, ikkje dumt å ha nokon å reise til! Med tre raspeballer er det ikkje berre berre å komme på besøk. Me kjem med brask og bram!
Her blir visst eit innlegg med mange ord og ikkje færre digresjonar.. Hus ja, nei det får eg komma tilbake til i neste innlegg. Me skal faktisk møte entrepenør Ekren på tomten på tysdag, då skal slagplanen leggjast..
Thats the gas for now!