mandag 28. juni 2010

Værgudane e med meg!

Etter at frøa kom i jorda har det regna litt kvar dag med unntak av igår..
Fekk ein melding hos tante Heidi om at eg ikkje trengte be om meir enn litt vatn.. Lyn, torden og strømbrudd er litt i overkant! Så ikveld skal kveldsbønna moderast!
Me tek eit par dagar i Arna no, spennende å sjå kor langt dei har komt når me kjem tilbake på torsdag.. i skrivande stund helt byggeteamet på med utvendig plating! Nesten litt skummelt, no er det me ser kor dører/vindu skal komma. hmm me mangler kanskje ei dør her eller der? " Da blir alvorleg langt å gå Regina....." Jaja, eg er igrunn glad i litt aktivitet! Alt eg ynskte meg når me budde i Arna var eit hus på to plan.. det får me no -med renter!

Ingrid og Halvard gleda seg til Westamaranen og togtur til Arnabesto & besten:)

Regina

fredag 25. juni 2010

Usikkert prosjekt..


Yr.no lovde to dagar med regn så då var det berre å hive seg rundt:)
Med jernrive,grapse,trau trillebår, trommel og plenfrø gjekk torsdagskvelden med til mitt vesle/store prosjekt! Det er berre å konstatere at eg liker hagearbeid! Bursdagspresangen frå pappa(grapse og trau) har allerede vore flittig brukt.. Fingrane er foreløpig berre brun, men kanskje kan eg opparbeide meg ein svak grønfarge ettersom åra går? Me, dvs eg, har muligens opparbeidet meg eit overskudd etter å ha vore uten eigen hage i 2 år no? Eg har eindel stauder/busker og eit tre på lur i Haugland, men eg må evt snikplanta dei etter at veggane er komt opp og snekkar teamet er på ferie! Eg har "du er nå litt tidlig ute" kommentaren i minnnet Frank!
No regna det ute og eg fryder meg over at sportsplenfrøa får vatn... No har me plassert oss i den situasjonen at hvis det regner så får plenen vatn og hvis ikkje så får me sommervær! = litt sånn vinn-vinn! Det er nok eit sikkert risikoprojekt med å anrette plen i eit vatnlaust byggefelt, men eg tek sjansen. 300 kr i frø skal eg evt stå i ein gong til.

Det er fredagkveld i Nilsebu, fotball på tv og beina høgt!

Regina

tirsdag 22. juni 2010

Hus & hagearbeid:)

Ramma rundt huset er på plass, eit steg nærmare i plenarbeidet og!


Første runde med jernrive og trillebår er i boks! Skikkelig effektiv start på sommerferien. No skal det tromles, kalkes og evt såast i dersom det blir noko nedbør i vente.. Eg har jo alltid lyst å gjera ting heilt ferdig, men i og med at det ikkje finns vatn i området så blir det været som styrer:)
Litt luksus er det jo at det ikkje er regn når me no har ferie, tradisjon tro så regner det alltid den første dagen i skuleferien..Men ikkje i år!

Oppsynsmannen er i skrivande stund i ferd med å leggja shortsane sine i kofferten, han og mamma skal 14 dg til Puerto Rico. Eg har fått mange "pass no på at..." ikveld. So frå i morgon av skal me flytte inn i Nilsebu, skal bli kjekt med større plass og fin hage!

Go tirsdagskveld:)

lørdag 19. juni 2010

Synfaring, svigers og fresing!

Nok ein vindfull dag på Austevoll idag, det er enda godt at huset skal få vegger etterkvart! Ingvild og Magnus besten kom på besøk og synfaring på tomten. Hadde det ikkje vore for vinden (eller veggene som ikkje er der) så kunne me tatt både kaffi og jordbær med på tomten.. men trass vinden tok me oss tid til både photoshoot og litt småsnekring for guttane før me søkte ly i hagen til Austevollbesten.




17.45 var Oddn klar me traktor og jordfresar så då var det berre å setje kurs mot vindfulle høgder igjen.. han kom seg greitt gjennom jorda, men her eit par gode timar med jernrive og trillebår før me kan finne fram plenfrøa ja. Jaja, så treng me no strengt talt ikkje grønt gras før til neste vår.

Lørdagskvelden vart det reker på mor, far og skuleguten. 1.klasse er i boks og han kan snart kalla seg 2.klassing!

Regina

fredag 18. juni 2010

Ein vindfull dag på tomten!



På grunn av ekstrem opphoping av rot/papir/klær etc i kjellerleiligheten måtte eg helde meg vekke frå tomten idag. Hard prioritering for å få litt orden i kjelleren igjen:) Tydelege spor etter ein travel vår er no rydda vekk... ein real house detox!
Helge har rydda utover siste del av jorda på tomten og i morgon håper me på at Odd Arne har tid til å frese seg gjennom jorda..då er det berre finarbeid og såing igjen!I tillegg har me fått oss eit flott epletre frå 7.klassen som me no har sendt på sommerferie før dei skal på ungdomsskulen. Eit flott tre som skal minne meg om ein flott gjeng ungdommer, "mine" første Austevolls elever. Rart korleis ein knytter bånd til dei, kjenner det ekstra godt no når me veit at kvardagskontakten blir brutt!Håper det beste for dei alle og rekna med å følge med dei, litt på avstand!Ein utfordring no er at eg nesten må få gravd treet ned snart, veit ikkje kor lenge eg kan ha det ståande i potte.Tenker dei får seg ein latter dei to som bygger huset når eg kjem dragande på treet mitt.. utolmodige kvinnfolk!" No har ho sikkert herja vilt for uteplass, plen og no planting: klassisk:)"

No er det fredagskveld i kjelleren, Richard er på liggebesøk.Foreldra er på avslutning med Ole A. Der var vesleguten brått ferdig med grunnskulen: heldigvis har han eit år til på Austevoll før han reiser ut i den store verden.

Tudelu:)

onsdag 16. juni 2010

Ein kjekk vegg å møta på..

Bilder frå tomten 16.juni:endelig litt action.

May Iren sin kontorutsikt stod ein dag på vår tomt!

To gode naboer, da e travelt å byggja hus...

Martin sparde Mr. Vestrheim for mange runder med trillebår og grapse, tusen takk!!

Snekker Skotsund og snekker Sandvik set opp vår første vegg.


God onsdagskveld!
Regina

søndag 13. juni 2010

Plankane e`på plass!

Sjelden har eg vorte så gira av ein telefon frå ein lastebilsjåfør, men på fredag var det ein liten jubel inne i elles kort samtale med lastebilsjåføren. Eg hadde jo eit håp om at han hadde to spreke og raske snekkerar på planet og! "Eg skal berre setja av noke greie altso..." jaja, alt skal gjerast! Richard er alltid ivrig på å vera med på tomten so då blei han med den ivrige tanto på synfaring! " Eg kan godt vera med på bilde altso, sånn so sist!! hehe, han kjenner meg!



No merka me oss datoen 14.juni som byggjestart så kan me telja dagar og mnd til me kan ta koffertane med oss frå Haugland og bort mot Varden!

Time will show:)

Elles er det ein roleg søndagskveld før skuleårets siste arbeidsveke, 8 veker ferie står for tur!!

Ps: da e ikkje da at eg får so mange telefoner frå lastebilsjåfører altså, vil ikkje skryta på meg noko.

Regina

tirsdag 8. juni 2010

Uteplass på plass!

Sommeren er her og Halvard er skolaus...alt e som normalt..

Denne uteplassen kjem stort sett under tak, tipper den blir god å ha!

Spennande å ta på !!

Endelig har me fått støypt uteplassane, dei er i skrivande stund i ferd med å størkna! Nilsen er redd den sterke sola gjer at det kjem til å sprekke litt opp, men no er det ingen vei tilbake uansett! To fine uteplassar samt eit lite parti framfor inngangsdøra er no på plass. Pappa,fetter Olav og Helge var på plassen og fekk hjelp karane frå Fitjar med å få betongen på plass: visstnok ein heil jobb da!Tusen takk til pappa og Olav for god hjelp. Luksus å ta ein tur bort å sjå etter at alt utstyr var vaska og levert tilbake til rette eigarar! Eg og fotoapparatet på dagleg synfaring..
I morgon håper eg på å få tatt eit tak sjølv og, no er det jo klart for å rydde jord bort mot uteplassane!Eg ser for meg at det er fort gjort???? Det gjer eg alltid.

Snekkeren er igang med førebuande arbeid i Blænes bygg sin hall,han skal jammen santen vera velkommen når han kjem seg bortover med hammeren og spikrane sine!

Neste bilete skal innehelde plankar!!

tirsdag 1. juni 2010

Klart for bygging!



Det har jo skjedd litt...



Tommelen opp for akkurat da!

Det kom det to betongbiler frå Bergen idag tidlig..heldigvis satt dei kurs rett mot Varden. Full jubel i bilen på veg nedi barnehagen:kjekt når me ser bevegelse og liv frå tomten. Samtidig er det rein luksus og kjøre rett forbi og dra på skulen og gjere det eg kan... men ein kveldstur opp ilag med Hege og Richard,for å konstatere at huset og garasjen no har betonggolvet på plass, må te!



Helge jobber denne veka og i helga er det Bergen-Voss, men i neste veke håper me på å få betong frå Fitjar for å lage oss to uteplasser og ein sti rundt huset.. Då er alt klart for å lage hage på framsida-perfekt timing i og med at det snart er sommerferie!

No er det berre for Blænes guttane og ta plankane med seg til Varden!