tirsdag 8. juni 2010

Uteplass på plass!

Sommeren er her og Halvard er skolaus...alt e som normalt..

Denne uteplassen kjem stort sett under tak, tipper den blir god å ha!

Spennande å ta på !!

Endelig har me fått støypt uteplassane, dei er i skrivande stund i ferd med å størkna! Nilsen er redd den sterke sola gjer at det kjem til å sprekke litt opp, men no er det ingen vei tilbake uansett! To fine uteplassar samt eit lite parti framfor inngangsdøra er no på plass. Pappa,fetter Olav og Helge var på plassen og fekk hjelp karane frå Fitjar med å få betongen på plass: visstnok ein heil jobb da!Tusen takk til pappa og Olav for god hjelp. Luksus å ta ein tur bort å sjå etter at alt utstyr var vaska og levert tilbake til rette eigarar! Eg og fotoapparatet på dagleg synfaring..
I morgon håper eg på å få tatt eit tak sjølv og, no er det jo klart for å rydde jord bort mot uteplassane!Eg ser for meg at det er fort gjort???? Det gjer eg alltid.

Snekkeren er igang med førebuande arbeid i Blænes bygg sin hall,han skal jammen santen vera velkommen når han kjem seg bortover med hammeren og spikrane sine!

Neste bilete skal innehelde plankar!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar