torsdag 20. mai 2010

Bilder frå tomten...






Berre eit par tre bilder inn på bloggen, det er jo her me ser når det går på fram og når det står stille!
Rørleggar arbeidet er gjort og såvidt eg veit gjer dei no klar til å støype plato..
Til nokon sin store frustrasjon så er eg for tida meir opptatt av sykling enn tomteprogresjon... Er påmeldt Bergen-Voss og bør nok snart ta fatt på øvinga! Helge kjøpte seg ny sykkel og dermed så vart mitt argument med at han skulle ha sykkelen veldig tynt! " Då e jo du med då: Stilig,då treng me berre ei jente til" Det var nesten som geitekillingen som hadde lært seg å telle til ti: og vips så hadde ho talt meg og! "Ho" er sjølvsagt Siren,primus motor for Austevoll sykkelklubb:)
Grugledar meg så mykje at nattesøvnen er dårleg for tida, syns eg høyrer Siren jaga på oss opp mot Voss.. " Opp på hjulet jenter,og oppmed tempoet!!" Når det er sagt så gleda eg meg og,me har hatt to kjempekjekke jenteturar rundt i Austevoll.. lått og løye, god kondisjonstrening og mykje deilig vind i håret!! so tusen takk Siren for at du talte meg og!


Sommeren har forresten vist seg litt idag, håper den er like utholdande som vinteren var!!

Kjem tilbake med bilder når plato og uteplassane er ferdig!

onsdag 12. mai 2010

Bloggast det som bloggast kan!


Ringmuren e på plass og i skrivande stund er nok tomten rydda og..
Får eg Nilsen med meg ein tur på uteplass forskaling i morgon?




No e da onsdag og helg, Møgster guttane er på besøk hos Halvard. Dei hadde lagt "Avtal" i barnehagen og "avtal" må holdast!

tirsdag 11. mai 2010

Noko skjer!


Etter at Magnus var ferdig på skulen idag hompa me oss opp på tomten for å sjå om byggmestrane holdt løfte om å støype ringmur idag. Jammen santen var det komt betongmasse i forskalingskassane.. Magnus stakk fingen godt nedi for å sjekka!! Joda dei har støypt idag!
I morgon skal forskalinga rivast og me kan få sjå bilde av husramma: endelig. Planen framover no er at dei skal bruke denne veka og neste på å støype plata som huset skal stå på. Dette innebær både grusing, "isoporing" rørleggar arbeid og ny betongbil sjau: -hmm eg blir litt skeptisk: men den evige optimisten i meg håper at dei held det dei lovar og at alt går som smurt!

lørdag 8. mai 2010

Betongtirsdag?


Alt låg tilrette for støyping igår, men no hadde dei ikkje ledig bil.. første mulige støypedag e no tirsdag.. me blir god på å telle til ti iallefall!


No er det Henriette og konfirmasjon som teller uansett! Bunader/finklær er klare...

Idag er det dessuten 6 år sidan Helge og eg hadde bryllupsfest i Ulvik <3 Sola skin og guttane har tatt på shorts for første gang iår: " Mamma, da e dritvarmt ute!"
Life in Hauglandskjelleren is good, til trass for at husbygginga går putle!

Regina

PS: Bryllupsdagen vert feira med at eg og ungane er her i kjelleren, mens Helge er i Oslo og spring Holmenkoll stafett! Ingen skal seie noko på romantikken <3

torsdag 6. mai 2010

Betongfredag?

Ein ny tolmodighetsprøve er igang.Forsklaingsetappen tek lengre tid enn me hadde tenkt. Eg har hatt mange optimistiske turar opp på tomten den siste veka. Eg er lika sikker kvar gang eg hompar meg opp... men neida: status quo! da toppa seg litt idag når Anne Marie melder om full aktivitet og støyping på nabotomta...ro dåke no litt ned..



No er siste plan at på fredag e da betongfredag. Den som lever får sjå.

Etter Hege sin bursdagsfest(Gratulere kjære søster!) fekk eg pappa og eit langt målebånd med meg på tomten.. Me har ein slagplan ang uteplassen! Eg er underærnert på hage arbeid håper på å lage plen og uteplass framom huset i løpet av denne sommeren.. Eg måtte berre få godkjenning hos Nilsen for dei planane eg (og Helge) hadde lagt.. Denne gang var me , utrolig nok, heilt enig! Håper på å få støypt ein 1,5 utfra huset og lage to uteplattinger. Resten av framfor huset skal vera plen. Forhåpentligvis ein grøn ein!


Sånn blir da, grønt gras: to avbalanserte gutta som les bøker på plenen... In my dreams anyway!