onsdag 28. oktober 2009

Prosjekt kjøkken.
















For dei som aldri har sett for seg sitt drømmekjøkken e da ikkje enkelt å teikna seg eit.
Det finns eit hav av muligheter både med tanke på design og funksjonelitet. Første kjøkken trudde eg var ferdig forrige fredag. Der tok eg feil... optimistisk skulle eg visa fram teinkninga te Nilsn! " Åh herliga London, skal du trakka at og fram på den måten der", " Kor ska du egentlig ha gafflane?" Nei, herlighet Regina.. Bar bakke igjen. Trur einaste eg har fronten: Da må bli eik..Syns det er både lunt og fint.

I morgon starter planlegging av tomteplanering. Ekren har lova at innen 2 mnd skal han vera ferdig med planeringa..time will show:)Eg tek ALT med litt salt om dagen!

torsdag 22. oktober 2009

Husteikningar


Prøvde, uten hell, å leggje til pdf fila med alle hus bileta våre på. Måtte ta til takke med eit enkelt bilde frå mesterhus sin katalog. Me har gjort endringer både ute og inne og fått dette teikna om.Syns me er på veg til eit praktisk hus no.
Pappa er stille fortvila for at me må gå gjennom "heile" hallen for å gå på do.. "Datta kjem de te å angra på, sann mine ord"... Då skal han eventuellt få gleden av å utbryte" Da va da eg sa!!"
Her er mange plusser i budsjettet så me har valgt å droppe "Nilsedoen".
Finansministeren har talt!

tirsdag 20. oktober 2009

Prosjekt heim.

Etter å ha blitt ein ivrig bloggleser så har eg no altså oppretta min eigen.. når til og med statsministeren er opptatt av bloggen sin so e da vel allment akseptert? Denne skal altså (i all hovudsak)handle om huset som forhåpentligvis er eit hus innen neste år. Etter eit år med venting er endelig dei fire pinnane komen i jorda:) Snart eig me eit stykke jord på Hundvåkøy, Austevoll.
Litt tilfeldig er det at me vendte oss ut mot havet igjen etter mange år i Arna, men eg håper og trur at me slår slitesterke røtter når me kjem i eget hus.På ambivalente dager ( dei kjem stadig sjeldnere) tenkjer eg på jobben både på skulen og treningssenteret, mamma, pappa, Maria( Du må berre komma oftare heim snuppa), havet, naturen forøvrig, roen på landet, gode venner for både meg og mine og ikkje minst Hege med sine på haugen !

Hege er som kinderegget med meir hos oss: tante, søster, venn, treningspartner,te vennine, middagsdamo,helsesøstera, sjukepleiaren, barnevakten, ekstra bilen, veilederen og mykje meir: Alt i ei og same dame) Uten deg var eg nok vegen inn til "under fjellene" kortare.
I Arna har me og familie og gode venner.. ein får snu det til det positive og tenkje at me faktisk har to plasser på jorda som me likar oss:) Ikkje verst det! Dessuten er det veldig flott å ha beste/sviger foreldre i Arna, ikkje dumt å ha nokon å reise til! Med tre raspeballer er det ikkje berre berre å komme på besøk. Me kjem med brask og bram!
Her blir visst eit innlegg med mange ord og ikkje færre digresjonar.. Hus ja, nei det får eg komma tilbake til i neste innlegg. Me skal faktisk møte entrepenør Ekren på tomten på tysdag, då skal slagplanen leggjast..
Thats the gas for now!