tirsdag 31. august 2010

Tre mann i arbeid!!

Siste dagen i august var det tre mann i arbeid på huset... det må vel bety at det no skal gå tre ganger så fort framover??? Eg satser optimistisk på å henge opp adventskalenderen i nytt hus iår.. Har laga meg ei laus avtale med "kjellerens nye eigar" at me kan bu her til 1.desember.. Deretter må me satse på nytt hus eller nok snø til å lage snøhule med plass til fem!!!

Dagens store var å få på plass fleire vindu, rekna med dei satser på å få på plass alle av den slags innen denne veka. Då er vel det neste store å få lagt takstein og få skilt av dei ulike romma inne?

Idag har det regna tett, Helge måtte nøya seg med sykkeltrening framfor beising;seigt!!men det ser ut som om haustsesongen startar med sommarvær så me satser på å ta igjen tapt arbeid i morgon.
Då blir da faktisk 4 mann og ei dame i arbeid i morgon,det må vel bety at det er dags for eit blogginnleg i morgon og? Me får sjå!
God tirsdagskveld:)
Regina

fredag 27. august 2010

Vinduer!


Eg har sagt det før, men det er litt luksus å ta turen opp for å sjå kva teamet har fått gjort idag... "Yes, dei har begynt med å sette inn vinduer". Syns dei kvite karmane blei fine til den brunsvarte beisen.. nett sånn eg hadde sett det for meg. Inne går det no an å ta bilder, trengte hjelp frå dagslyset der!



Huset er no ferdig kledd, betongsteinen skal kle resten! Håper på beiseforhold i neste veke, få alt det svarte unnagjort før me skal ta til med ein liten pensel og kvitmaling... sikkert skikkelig kjekt for ei som meg: "tolmodigheten sjølv".. Ehem..

God helg til deg frå meg.

tirsdag 24. august 2010

Eit gledelig gjensyn!















Det er som trafikkfarleg å rekna når eg kjem kjørande ned mot barnehagen om dagen.På høgra hånd litt oppe i lia ligg noko som distraherer meg veldig... to hjul litt vel ut i vegkanten er no daglegdags, evt ein utolmodig bil bak som eg ikkje visste om!!Idag var det to biler på tomten igjen!! Ein mitsubishi outlander (Walter) og ein kvit "jobbebil" med spesial designa pynt: a one of a kind car (Frank og muligens Erlend)!! Det betyr at teamet er fulltallig igjen: håper å få beholde dei til me er i hus!
Ute er det høst!

onsdag 18. august 2010

MalarTeamet Njåstad/Vestrheim:)

Det positive med å ikkje ha all kledning på plass er at det idag var mulig og få grunna heile greio i eit jafs! Helge tok fatt på runde nummer to og har no satt farge på den store veggen mot nord. Fargen ser nett så fin ut som me tenkte oss, men det skal blir godt å få litt kvitt rundt for å mjuke det opp litt!



På mandag skal me få opp ny leveranse med kledning så no har e litt og hengja fingrane i. Tomten kom til sin rett i ettermiddag: blikkstille sjø,vindstille, varmt, med ei solbada Folgefonna, Tysnessåto,båtar, holmar, bruene i Austevoll og havet rundt til å kvila blikket på... Likte oss!

tirsdag 17. august 2010

Visir, veg og Walter!

Vegen er ikkje god nok til at Blænes bygg kan komme opp med material.Derfor er det berre Walter som putler på med huset med stor H. Han har full hyre med å legge lekter på taket, men er tom for både kledning og får ikkje gjort seg ferdig med det før vegen er klar! Frank & Erlend har blitt flytta til eit anna prosjekt inntil dei får opp nok material til at tre mann kan vera i arbeid igjen. Blænes himself lova å dryna på berre dei får opp noko å jobbe med..
Kjelleren er solgt idag så det set jo ekstra fart på utolmodigheten,
om 3 mnd står me uten ein plass å bu. Dvs eg er sikker på at noko ordner seg, men det er kjedelig med ein ekstra flytterunde. Håper på å kunne bu ein plass der me ikkje treng flytte med oss ting, berre klær! Time will show.
Helge er igang med å grunne huset med visir, i morgon blir det beising på oss begge om været tillater det! No fekk me alt det regnet me trengte for å lage plen, no må me be om opphold og tørke.

I morgon begynner Magnus i 2.klasse og kvardagen innhenter oss igjen:)

Håper me snart kan dokumentere eit nybeisa hus, iallefall ein vegg eller to!

Regina

torsdag 12. august 2010

Meir kledning..


Walther e i støtet om dagen, huset er snart ferdig påkledd! Blir ingen stor jobb å beise dette huset, iallefall ikkje om me får gjort det no mens snekkerane har stillas ståande rundt heile huset. Beise jobben blir Helge sin jobb, han har jo praksis når det kjem til husbeising.. Husker me skulle beise i Arna, med huset FULLT i amerikanere " Oh my God your husband is working all the time, is he always like this?" ehe Helge? yes, that`s him, that`s my husband! Hadde iallefall ingenting med at nokon trengte ein pause frå sjokolade,muffins, sofa, Oprah, Dr.phil etc.....





Det hadde forresten vore kjekt med eit nytt amerika besøk når me er komt i hus.. skal nok finne på noko som bør gjerast Helge!

No er kofferten snart ferdig pakka: Loen, Alexandra,Synnøve, Eirik, Tone, Boden,Skålatoppen og ikkje minst beisesjefen ventar, gleda meg stort!

Svart og kvit!

"Å velge riktig farge til huset eller stua kan være en risikosport for mange"... me tenkte tidlig at huset skulle vera mørkt med lys mur. Jotun.no har eit kjempekjekt teikne/maleprogram som gjer at du kan prøve ut forskjellige løysningar angåande husfarge..No ser det ut som om me går for brun/svart husvegger, eggekvit mur med eggekvite vannbord/karmar!
Får ikkje lagt til pdf fila med vårt hus, men her er eit hus med samme fargekombinasjon. Sei du syns da va fint eller ikkje sei eit ord!
Da e litt dristig med denne kombinasjonen ute ved havet, men men! Siterer Patricia frisør: "kommer det til å se ut som kirken på Bakkasund? den e så stygg og skummel"..


tirsdag 10. august 2010

Kledning!


Hadde egentlig planer om å IKKJE gå opp til huset idag, jakten på "endringer" er igrunn ganske kjedelig. Dessuten er det pr.no ein liten jobb å dra Ingrid med seg opp der.. Men noko gjorde at me endte opp med å gå opp, idag og! Gleda var derfor stor når me såg at sommersnekkeren hadde begynt å kle huset.. Huset har vanleg bordkledning på ca.halvparten og så skal resten av huset ha fasade i betong.. Betongen skal malast kvit og planen er at bordkledningen skal få eit strøk (eller to) med brun/svart beis. Det er alltid risiko for at kledningen sprekker med mørk beis, men me tek ein sjanse. Det verste som kan skje er at me må bytte dei verste borda, bite i det sure eplet og male lyst me og! Time will show:)
Nilsen (som ikkje hadde tenkt seg opp idag) kom! Hmm, noko som går i familien?









No er det Dora på tv, snart leggetid for lillemor og spinning for gamlo!

Gutta m/Helge er i Ulvik: silo, nyehunden, rips/bringebær, tante Aud, onkel Knut er innkommende stikkord frå Hardanger perlo!
Regina

mandag 9. august 2010

Sakte, men forhåpentligvis sikkert!






Idag fekk eg med meg Ole Andre ( i rosa crocks) opp til huset.. der skjer det småtteri og det kan sjå ut som om det no snart er klart for bordkledning og vindusinnsetting.. Snekkeren er ikkje veldig snakkesalig av seg så me venter med spørretimen til Frank er tilbake på mandag; då skal da spørjast! Det er satt inn ramme til eit vindu over garasjen som eg syns var altfor stort, håper på å få satt inn eit mindre liggende vindu. Graving til røyra pågår framleis, men dei var kanskje ferdige til helga! Håper det, då blir det type bånn gass igjen frå mandag av! Det går putle med graset, syns godt det kunne vokst litt fortere no før det blir haust på skikk! Eg som har gjødsla og alt!

torsdag 5. august 2010

Perfekt badever!

No har me fått lyng utanfor kjelleren og inni den samme kjelleren er det lite med dagslys så eg fornemmer litt hauststemning i ny og ne.. Magnus er av ein heilt annan oppfatning og syns at kvar dag har "perfekt badevær"... skyene hang tunge og yr.no lovde regn, men ok! Eg kjører deg til gråsidalen, men då er det ingen bønn; du ska uti, om eg so må hjelpa deg.. Richard fekk onkel Bjørn til å svippa seg bort og guttane heiv seg uti, uten å stusse! "DDDDDDEilig.. , kast ut snorkelen!Tøffe var dei og publikum fekk dei so dei holdt da gåande til regnet blei so tungt at eg berre måtte søkje ly. Deretter var det heilt naturleg at me tok oss ein tur til "plenen" med litt gjødsel: perfekt badever= perfekt gjødslever!!

Da går sakte på fram i huset, så vidt eg veit skal dei vera to mann og jobbe i neste veka og tre veka etter. Då forventer eg daglege bloggebilder folkens! Vegen er heilt gravd ut og ein må no ta beina fatt om ein skal opp. Jarle og Magne har tatt saken i eigne hender og debuterer (så vidt eg veit) no som borresjefar for å få røyra lagt ned der dei høyrer til: eg skimta litt fortvilelse hos brødrene Sæle idag, men håper og trur at dette må gå seg til!

I morgon er Ole Bjarte 40 år og me ser fram til å feira den flotte svogeren/onkelen vår:)

God natt frå regntunge (og enda godt e da) Haugland!