lørdag 31. juli 2010

Bilder frå huset & hagen!

Frå dei begynte å reise vegger og fram til no har det vore store forandringer frå dag til dag på huset.. No er me imidlertidig inne i "kva er det egentlig som har skjedd her idag fasen".. Isolering er stikkordet og me er enig om at det er veldig greitt at det blir gjort! Det store prosjektet i feltet no er at dei graver opp vegen for å få lagt ned strøm/vatn på skikk: i likhet med eit isolert hus kan da vera greitt med vatn og strøm.
Epletreet står og vaier i vinden og graset spirer i utakt... ein tue her og der og ingenting andre plasser: treng nok ingen grasklipper denne sesongen nei.. og godt er igrunn det! Med min elektriske grasklippar måtte eg evt igang med aggregat for å få slått...




Ingrid og eg har hatt jentedagar heime siden onsdag, guttane + Trond og Ole er i Bergsdalen med Helge.. Idag reiser med til Arna for å møte dei der. Jentene har hatt kjekke dagar med bytur, Stolmentur og litt kreativt arbeid her i Hauglandskjelleren..
har malt over to gamle lerret som eg syns var veldig mørke.dei blei litt gøy syns eg..litt skjeivt ,litt gris, veldig Regina..
No gleda me oss til å reisa til Arna besto & besten og til å møte "gutane våre" igjen.

God lørdag folkens.

tirsdag 27. juli 2010

Regndans!

Det vart litt småtørt der oppe mot Varden så eg ( pluss Nils Arve) var nok av dei som syns det var heilt på sin plass med litt regn ikveld.. Var på synfaring hos Nils Arve idag, jammen har han dratt til med litt plenfrø han og.. då er me ikkje lenger dei einaste som er "tidlig ute!" Kjempegreie!

"I morgon kan me godt få fint strandvær, nok regn for denne gang"

Regina

Snikplanting!

Som sagt har eg fått eit epletre i gåve frå ein klasse på skulen, treet var no i ferd me å gje opp livet i ei bøtte på Haugland.. Så då vart det to guttar, eit epletre (delvis ut gjennom vinduet), to adopterte rhododendroer og meg i "det grønne lynet" over bruene og bort til huset/tomten/hagen igår ettermiddag..Vår prosjekta mine har eg arva frå Monica sin hage, dei hadde lagt i skråningen mellom dei og Robert i vinter.. "Rhodo Trond" blei plasert i hjørnet nedmot barnehagen og "Rhodo Monica" ikkje så langt unna.. ... Dei har vore mitt lille hageprosjekt denne våren og dei har fått skikkelig godt stell. Håper dei er nøgd med plasseringen...
Epletreet hadde berre ein mogleg plassering då det er for grunnt for eit tre på resten av plenen.. Så det står i motsatt hjørne, sikkert i tomtens mest værharde parti!! Nok ein risikoprosjekt ala Regina. Ingrid og Helge kom kjørande etter og når me først var igang med hagearbeid fortsatte Helge på den møysommelige jobben med å renske berga bort mot vegen.. Halvard, Magnus og Ingrid "hjelpte" så det blei skikelig bra:) Kaffipause hadde me på uteplassen under tak, gleda oss til innflytting:)
Bilder av adoptivblomstrane og epletreet kjem.. vil berre ha litt grønnare gras først.

Regina

torsdag 22. juli 2010

Det huser seg!



Etter 5 flotte dager på ferie på Hjelmeland og i Kristiansand var det kjekt å ta ein tur bort til huset igjen.. Snekker Skotsund tek ferie i morgon, men dei har ein mann som skal sulle på med bordkledning dei neste vekene. Vegen skal snart gravast opp igjen så no blir det nok snart ein byggjestopp fram til ferien er over.
Graset spirer, men er no lysten på litt sommervarme!

Regina

fredag 2. juli 2010

Herlighet, Henriette!

Etter at besto sin gartner, Henriette, hadde tatt seg ein runde i Nilsehagen inviterte eg ho med meg på tomten.. Etter å ha godt rundt hushjørna spør ho: "E datta dåkas?"... då lo me! Ho syns nett ho hadde hørt snakk om noke muringsprosjekt..
Dagens 15 åringer er ikkje særlig opptatt av hus og hage, og normalt er vel egentlig det. Huset 1.etasje er no ferdig plata og vindduk og lekter er delvis på plass.. Henriette har no fått bloggadressa på sms og tomten bør no omdåpast til huset:)

God fredagskveld, her går det i te og lommeduk:(

Regina

torsdag 1. juli 2010

Effektivitet...




Etter å ha fått ned den endelige teikningen av kjøkkenet hos Remi-Norema på tirsdag dukka det opp eit spørsmål ang fliser på kjøkkengolvet.. Etter eit år med parkett på kjøkkenet i Vestlivegen var det enkelt å velge vekk den varienten denne gang..
Når me då først var inne på fliser kom me på at me treng flis på to bad og i inngangspartiet og.. kort oppsummert åt me frokost torsdag morgon, sat oss (ja alle tre ungane var med) i bilen og kjørte inn til flisekompaniet i Kanalvegen..traff ei koselig og serviceinnstilt dame med rogalandsdialekt, kjøpte fliser til to bad, gang og kjøkken, leverte bestiilingsliste og gjekk ut igjen frå kompaniet 45 minutt seinare.Ingen sure miner, ingen stress: ein opptur!
No høyrer det med til historien at me hadde klare ideer om kva fliser me ynskte oss og at flisekompaniet hadde inne alle dei variantane me hadde blingsa oss ut. Ikkje verst!

No er det siste dag i Seimshovden før me skal heim igjen til Austevoll. Oldebesten er på vitjing og han imponerar med storform trass sine 88 år! Tyggis og sjokolade er, tradisjon tro, delt ut til dei små og no er det tur til Osen som står for tur! Denne oldefaren er ikkje som alle andre oldefedre, thats for sure!

Regina