tirsdag 27. juli 2010

Snikplanting!

Som sagt har eg fått eit epletre i gåve frå ein klasse på skulen, treet var no i ferd me å gje opp livet i ei bøtte på Haugland.. Så då vart det to guttar, eit epletre (delvis ut gjennom vinduet), to adopterte rhododendroer og meg i "det grønne lynet" over bruene og bort til huset/tomten/hagen igår ettermiddag..Vår prosjekta mine har eg arva frå Monica sin hage, dei hadde lagt i skråningen mellom dei og Robert i vinter.. "Rhodo Trond" blei plasert i hjørnet nedmot barnehagen og "Rhodo Monica" ikkje så langt unna.. ... Dei har vore mitt lille hageprosjekt denne våren og dei har fått skikkelig godt stell. Håper dei er nøgd med plasseringen...
Epletreet hadde berre ein mogleg plassering då det er for grunnt for eit tre på resten av plenen.. Så det står i motsatt hjørne, sikkert i tomtens mest værharde parti!! Nok ein risikoprosjekt ala Regina. Ingrid og Helge kom kjørande etter og når me først var igang med hagearbeid fortsatte Helge på den møysommelige jobben med å renske berga bort mot vegen.. Halvard, Magnus og Ingrid "hjelpte" så det blei skikelig bra:) Kaffipause hadde me på uteplassen under tak, gleda oss til innflytting:)
Bilder av adoptivblomstrane og epletreet kjem.. vil berre ha litt grønnare gras først.

Regina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar