torsdag 1. juli 2010

Effektivitet...




Etter å ha fått ned den endelige teikningen av kjøkkenet hos Remi-Norema på tirsdag dukka det opp eit spørsmål ang fliser på kjøkkengolvet.. Etter eit år med parkett på kjøkkenet i Vestlivegen var det enkelt å velge vekk den varienten denne gang..
Når me då først var inne på fliser kom me på at me treng flis på to bad og i inngangspartiet og.. kort oppsummert åt me frokost torsdag morgon, sat oss (ja alle tre ungane var med) i bilen og kjørte inn til flisekompaniet i Kanalvegen..traff ei koselig og serviceinnstilt dame med rogalandsdialekt, kjøpte fliser til to bad, gang og kjøkken, leverte bestiilingsliste og gjekk ut igjen frå kompaniet 45 minutt seinare.Ingen sure miner, ingen stress: ein opptur!
No høyrer det med til historien at me hadde klare ideer om kva fliser me ynskte oss og at flisekompaniet hadde inne alle dei variantane me hadde blingsa oss ut. Ikkje verst!

No er det siste dag i Seimshovden før me skal heim igjen til Austevoll. Oldebesten er på vitjing og han imponerar med storform trass sine 88 år! Tyggis og sjokolade er, tradisjon tro, delt ut til dei små og no er det tur til Osen som står for tur! Denne oldefaren er ikkje som alle andre oldefedre, thats for sure!

Regina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar