
Etter at Magnus var ferdig på skulen idag hompa me oss opp på tomten for å sjå om byggmestrane holdt løfte om å støype ringmur idag. Jammen santen var det komt betongmasse i forskalingskassane.. Magnus stakk fingen godt nedi for å sjekka!! Joda dei har støypt idag!
I morgon skal forskalinga rivast og me kan få sjå bilde av husramma: endelig. Planen framover no er at dei skal bruke denne veka og neste på å støype plata som huset skal stå på. Dette innebær både grusing, "isoporing" rørleggar arbeid og ny betongbil sjau: -hmm eg blir litt skeptisk: men den evige optimisten i meg håper at dei held det dei lovar og at alt går som smurt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar