
Første runde med jernrive og trillebår er i boks! Skikkelig effektiv start på sommerferien. No skal det tromles, kalkes og evt såast i dersom det blir noko nedbør i vente.. Eg har jo alltid lyst å gjera ting heilt ferdig, men i og med at det ikkje finns vatn i området så blir det været som styrer:)
Litt luksus er det jo at det ikkje er regn når me no har ferie, tradisjon tro så regner det alltid den første dagen i skuleferien..Men ikkje i år!
Oppsynsmannen er i skrivande stund i ferd med å leggja shortsane sine i kofferten, han og mamma skal 14 dg til Puerto Rico. Eg har fått mange "pass no på at..." ikveld. So frå i morgon av skal me flytte inn i Nilsebu, skal bli kjekt med større plass og fin hage!
Go tirsdagskveld:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar