fredag 18. juni 2010

Ein vindfull dag på tomten!



På grunn av ekstrem opphoping av rot/papir/klær etc i kjellerleiligheten måtte eg helde meg vekke frå tomten idag. Hard prioritering for å få litt orden i kjelleren igjen:) Tydelege spor etter ein travel vår er no rydda vekk... ein real house detox!
Helge har rydda utover siste del av jorda på tomten og i morgon håper me på at Odd Arne har tid til å frese seg gjennom jorda..då er det berre finarbeid og såing igjen!I tillegg har me fått oss eit flott epletre frå 7.klassen som me no har sendt på sommerferie før dei skal på ungdomsskulen. Eit flott tre som skal minne meg om ein flott gjeng ungdommer, "mine" første Austevolls elever. Rart korleis ein knytter bånd til dei, kjenner det ekstra godt no når me veit at kvardagskontakten blir brutt!Håper det beste for dei alle og rekna med å følge med dei, litt på avstand!Ein utfordring no er at eg nesten må få gravd treet ned snart, veit ikkje kor lenge eg kan ha det ståande i potte.Tenker dei får seg ein latter dei to som bygger huset når eg kjem dragande på treet mitt.. utolmodige kvinnfolk!" No har ho sikkert herja vilt for uteplass, plen og no planting: klassisk:)"

No er det fredagskveld i kjelleren, Richard er på liggebesøk.Foreldra er på avslutning med Ole A. Der var vesleguten brått ferdig med grunnskulen: heldigvis har han eit år til på Austevoll før han reiser ut i den store verden.

Tudelu:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar