lørdag 19. juni 2010

Synfaring, svigers og fresing!

Nok ein vindfull dag på Austevoll idag, det er enda godt at huset skal få vegger etterkvart! Ingvild og Magnus besten kom på besøk og synfaring på tomten. Hadde det ikkje vore for vinden (eller veggene som ikkje er der) så kunne me tatt både kaffi og jordbær med på tomten.. men trass vinden tok me oss tid til både photoshoot og litt småsnekring for guttane før me søkte ly i hagen til Austevollbesten.




17.45 var Oddn klar me traktor og jordfresar så då var det berre å setje kurs mot vindfulle høgder igjen.. han kom seg greitt gjennom jorda, men her eit par gode timar med jernrive og trillebår før me kan finne fram plenfrøa ja. Jaja, så treng me no strengt talt ikkje grønt gras før til neste vår.

Lørdagskvelden vart det reker på mor, far og skuleguten. 1.klasse er i boks og han kan snart kalla seg 2.klassing!

Regina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar