torsdag 14. oktober 2010

Haustferie og ein liten pause frå husprosjektet!

No er haustferien godt igang, den har til no vore rik på opplevelsar for både store og små. Magnus sitt store høgdepunkt vart jaktbeduten på Hamlagrø med Helge og Olav Endre: med overnatting i telt og skikkelig jegerliv:)
Mandag reiste eg og dei to minste til Arna for å samle troppen og ha ein haustferie hos besto og besten i Seimshovden. Kort oppsummert hadde me nokre flotte dager i Arna med både tur i Stoltzen, jentejogg på Nipo, akvarietbesøk,pizzakos i Høgatun og sist men ikkje minst må eg nevna utebading med svigermor og "året rundt" badegjengen hennar:) Steiki kaldt, nesten litt vondt men dog ein opplevelse.. 8-10 damer møtes kvar mandag til ein dukkert i Arnafjorden. Dei mest drevne av desse har holdt på så lenge at dei ikkje visste om dei var igong med 6. eller 7. år:) Med hodelykter, termometer, badesko var dei som skikkelig proffe å rekna. Eg hadde svigermors si finbadedrakt på og det rekna eg med kompenserte for manglande utstyr elles! Etter dukkerten var det av med det våte, på med tørt og full gange heim... ein opplevelse rikare!






Torsdag var det heim att og rett på huset.For å seia det enkelt og som lille Ingrid uttalte så har "pipemannen" lagt pipa! Ellers er alt klart for elektrikaren, forhåpentligvis kjem han i morgon den dag.



Deretter er det jammen santen veggane som skal opp. Kvitevarer er i bestilling, fliser likeså, pipemannen har sagt ja til å flise kjøkken og gangen vår: kjempe! Etter at han er ferdig med det kjem to Norema montører med kjøkkenet. Dersom alt går etter planen skal me ha eit kjøkken 17.november! Dette har eg sagt før, men time will show:)

No skal me berre nyta dei tre siste dagane av haustferien:)


Ps: termometeret viste 10 grader: ikkje veit eg om det er noko å skryta av , men det er iallefall personleg rekord:)

Regina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar