mandag 6. desember 2010

Noko skjer...


Helge er på jobb til torsdag og eg er på jobb om dagane så denne veka bir det berre kontroll besøk på ettermiddagane. Ingen rydding eller støvsuging før fredag, trur eg...
Innerdørene er no på plass i huset og me håper på at dei iallefall får på plass nokon før veka er omme.. Tenk då kan me "overta" romma og gjera dei klare for innflytting.. Eg har tenkt å leggje inn eit ynskje om at dei skal prioritere døra inn til stua og fått lista ferdig kjøkken/stue før fredag! Då kan eg iallefall få opp adventsstjerna i vinduskarmen!! Ingrid gleda seg til ho skal kunne sjå den frå barnehagen!!" og veit du ka Ingrid, da gjer eg og!!! "

Skotsund senior har såvidt begynt å flise badet oppe så no er det berre å håpe på at han held seg hos oss til han er ferdig med å flise to bad, inngangsparti og montere ovnen vår! Veit han har fleire gir så eg håper på han set inn turbogoret denne veka!!

I morgon håper me på at mr.Blix tek med seg ledningane sine og gjer ferdig elektriker arbeidet: Då kan me hente strøm i alle kontakter og slepp å slepe rundt på lyssoler frå rom til rom!!

Etter planen har me 11 dagar igjen i kjelleren!

R

2 kommentarer:

  1. Så spennende med husbygging:)
    Kan tenke meg at å kunne se adventsstjernen fra barnehagen er stort!! Hadde vi bare flyttet nabohuset (butikken) kunne ungene her også sett adventsstjernen fra barnehagen:) Det hadde vært noe det;)

    Ha en flotters mandag!
    Klem

    SvarSlett
  2. Håper på å innfri ønsket til lillemor i morgon den dag! Elektriker har iallefall lova å sørge for strøm!
    God mandag til deg og!
    Regina

    SvarSlett