fredag 17. desember 2010

Heimlaus familie!

Hauglandskåken er i skrivande stund nesten heilt tom, det står 5 banankasser i gangen og eg dataen går ilag med meg no når Helge kjem tilbake for siste lass... Nesten 2 år som Hauglandsbu er over, takk for oss! Ikkje verst å bu her..
Residensen likna alt anna ein ein residens: elektriker, rørleggjar, snekkare og murar surrer rundt som veggluser og gjer seg ferdig her og der.. til stadighet dukker det opp ei lettare forvirra fru som ikkje veit heilt kor ho skal begynne.. Det er klær, kasser, dyner, møbler, glass, fat etc etc etc overalt! Eg som begynte optimistisk i forrige veke med å vaske ned må berre innsjå at nedvasken egentlig ikkje har begynt!

Når alt dette er sagt så er me mange steg nærmare innflytning no og mamma og Hege har opna heimen for dei heimlause barna og foreldra:) Hadde ein koselig kveld hos Hege og Ole Bjarte igår: Magnus og eg lånte Richard sitt rom medan Helge og minste barna overnatta i Nilsebu! Takk for gjestfrihet og hjelpsomhet folkens, de skal få noko fint til jul!!!

No er bilen pakka og eg må brette opp armane og komme meg i arbeid igjen!! Wish me good luck!

Regina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar