
Me skriver desember og me begynner for alvor å nærme oss innflytting.
Min alternative aktivitets kalender gav oss i oppgåve og kjøre bort hagemøbler/uteplanter og x antall banankasser til nyehuset! Snekker Aga har gjort ein rom heilt klart så etter ein rask "enjo" nedvask kunne Helge og Magnus fylle tilhengjaren med banankasser:) Magnus syns det var kjempespennende å kikke inn i kassane-... "herregud, der e kniven min, der er dei gamle bøkene mine...." Det skal bli spennende å pakke ut av kassene som blei pakka ned i juni for over to år siden!
Det er ikkje mange ting eg har savna, men eg gleder meg til å finne fram fotoalbum frå når ungane var heilt små.. No skal dei få komme opp frå mørket og inn i varmen!
Ellers har me sett månetoppen og gravd i oss 2 kg mandariner i løpet av programmet!
God adventstid folkens:)
Regina
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar