Ute kjem det opp julelys og adventsstakar i alle hus og eg klør meir enn litt i fingrane! Eg som pleia å snikpynta dei siste dagane i november må igjen smøra meg inn med tolmodighet og vente, vente & vente..
Eg unngjekk å gå på huset idag, jobb, middag, kaffi og trening blei prioritert. Men Helge har vore der og stikkordet er listing! Gudane veit kor mange meter det er med gulvlister, taklister, vinduslister, dørlisterer, hjørnelister etc: to mann er på jobben og me veit at dei jobber det dei kan!
Muraren som skal flise bada har lova å begynne denne veka so då går me utfrå det, i løpet av neste veke bør han då vera ferdig med to bad og inngansparti:)
Ellers er det berre å nyte livet og vente: bør egentlig berre roe ned og spare krefter til det brakar laus med flytting...
God førjulstid alle mann!
Regina
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar