
Det er to ting herr Vestrheim er veldig opptatt av at skal vera på plass før me flytter i hus: flatskjerm og peis! Mens eg tenker gardiner, håndklær,julepynt, lykter og sengetøy har han sine egne prioriteringer.. Det er forøvrig heilt greitt at han ikkje tenker så mykje på "mine ting", eg får styra på heilt for meg sjølv og om han legger merke til detaljane så syns han alltid det er fint:) (Dessuten er det, for min del, litt i overkant med ein mann på jakt etter dei rette håndklærne...)
No er vedovnen er komen i hus, og no er veden plassert i nyegarasjen og: Helge og dei to minste har vore til Ulvik og henta ved.Skal sei! Ovnen har eg ikkje sett enda, dvs eg har sett den gjennom plasten no. Brannmuren skal opp i nærmaste framtid, eg gleder meg! Og blir da ikkje stilig så har eg ein god unnskyldning i at dette er Helge sitt prosjekt..
Stua og øvre etasje har no fått parkett.. det blei raskt dekka til med papp, men eg er sikker på at det er fint!
Snille snekker Aga og eg har pønska ut ei lur hylle i trappeoppgangen, dvs eg pønsker og tenker høgt og han tenker videre og utfører snekkerarbeid.. Me hadde ein morsom dialog ang hylla: Eg " der skal eg jammen ha Ibsen og Bjørnson-bøkene mine" Aga : " ja, sørg for å plassere dei så høgt at ingen får tak i dei!! ¨Då lo eg!

R
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar