Huset begynner å ligne ein heim og eg fryder meg! Hadde me berre hatt litt varme og lys no så hadde eg flytta inn..trur eg.
Fekk eit lite hull i undervisningen idag og heiv meg i bilen; elektrikerprat, gravemaskinprat, snekkerprat og murerprat: Her er det berre å late som ein veit kva ein snakkker om og purre på tempoet! Murer Skotsund skal begynne å flise på mandag: " Er det sånn at du tenker deg å feire jul her" hehe (implisitt høyrer eg "typisk kvinnfolk, alltid utolmodig").Ja eg har tenkt å feire jul i nytt hus, faktisk! Else på jobben flytta inn før taksteinen var på plass så då kan vel eg flytte inn før ALT er ferdig? Garasjeport, betongsteinplater og liknande utearbeid står no nederst på prioriteringslista, både for oss og for arbeidsteamet!
Etter jobb henta mamma dei små i barnehagen og pappa kom for å hjelpa meg med opprydning utanfor; Plassen er no skrapt for container, snekkerbu, paller , betongstein,store steiner og anna skrot.Den er rett og slett klar for grus og skråningen klar for jordslåing på skikk! Neste veke Martin, det har me jammen sagt lenge no.. Men denne mannen nekter å gjere noko som helst halvgjort så han sat krav om ein tom uteplass før han begynner!
Tirsdag er det Helge sin bursdag og han ynskjer seg elektrisk strøm: onkel Arne er kobla inn så får me sjå om han kan innfri.. Blix har LOVA å gjera seg ferdig på tirsdag så då er det berre for kraftlaget å koble på! iALLEFALL I NOK STIKKONTAKTER TIL LYS OG VARME:)
Hadde tolmodighet vore tilsalgs i lausvekt så veit eg om ei (minst!) som skulle hatt seg ein pose!
God fredag folkens:)
Regina
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar