onsdag 15. desember 2010

Siste natt i kjelleren:)

Åh neida, det går ikkje på skinner! Men no gjer me oss ferdige med utvask i Hauglandskåken og flytter inn i Nilsebu fram til overtakelse! forhåpentligvis treng me berre ei natt hos mor og far før me kan flytte inn til oss sjølv. ALT avhenger av rørlegger og elektriker torsdag og fredag! Trappa er lokalisert i Bergen ikveld og skal vera på Austevoll i morgon kl. 13.00
Dagen har gått med til å flytte bort ei seng,stoler, kjøkkenbord ein sofa, eit skap og utallige kasser med ditt og datt. I kveld har Supermontøren banna seg gjennom 10 taklamper: da blei ekstremt mykje "fasøren og Huff, huff, huff" og ein runde med "pakk heile skiten ned og lever den tilbake til Living, større møklampe skal du leita lenge itte!!!" så 7 min. stillhet før " Yes, dar satt han!har du ei lyspære Regina!" No er det berre 2 punkt i huset som ikkje har lampe, puh!

Torsdag og fredag har Storebø skule velsigna meg med 2 dager flytteperm, kjem veldig godt med!

Håper på eit positivt innslag på bloggen i morgon kveld!

Regina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar