mandag 20. september 2010

Takstein og kløpulver.




Ein ny veke på huset, kanskje treng dei berre eit par til får å fullføre ute. Timingen er perfekt med tanke på dei som skal ha arbeidsplassen sin i og ved residensen. Får dei berre seg ei arbeidsdør som dei kan setje inn i hoveddørhola no så kan dei stengje alle kommande hauststormar ute!!

Taksteinen er iallefal godt plassert på taket og denne veka trur eg Walther kommanderer "alle mann på taket!"
Ingrid og eg var på ettermiddaginspekjon idag, ho lika seg no når ho kan vera inne. "Da e ikkje so koldt på tomten lenger" men herregud kor mykje "kløpulver"!
Isolasjonene ligg over alt og når ein ikkje kan ta på det så er det med eingong veldig vankelig å helda fingrane vekke... "E du heilt sikkert på at det klør? kor mykje klør da egentlig? "
Kanksje dei ein dag kan få rulla seg i restane, berre sånn for å få svar på spørsmålet!
No ser me fram til å få all arbeidskraften inni hus, bør ikkje vera så lenge til det!

God kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar