onsdag 15. september 2010

It`s all about looks:)

Helge var veldig ivrig på at eg skulle ta meg ein rolig handletur til Lagunen.. "heilt for deg sjølv uten mann eller barn som forstyrrer deg..." stussa litt på den , den var igrunn litt spesiell! Men så kom eg på at han reiser avgårde på gutte/jakt tur frå i morgon formiddag til søndag! Haha, men ok: eg får reise då!

I tillegg til at ungane trengte litt nye klær skulle eg endelig få ta ut den hjørnesofaen som eg har tenkt på lenge! Med 2 mnd bestillingstid så var det ikkje så veldig tidlig heller... eg har aldri hatt ein hjørnesofa før, men eg lika meg godt innst i kroken hos svigers! Dessuten ser det ut som om stova vårt er teikna ut frå at me skal setje inn ein hjørnesofa... så til poenget, nett innom Living sine dører kom ein koselig mann og ville hjelpa. Eg visste at eg ville ha ein hjørnesofa og at eg ville ha ender på begge sider så då gjorde mykje av jobben seg sjølv.. måtte berre ta ut bredde på armlener og stoff og farge! ambivalensen slo sterkt inn ang lys eller mørk.. hmmm.. eg må ringe Helge! " Samme for meg, ta den du liker best".. ok eg går for den litt lysere grå: Vedtatt!

Ca. 20 seinare var eg på vei ut igjen i bilen... då kom eg på at eg ikkje hadde prøvd å setje meg ned i den eingang! Er eg sånn, berre det ser fint ut? Eg rusla tilbake satt meg ned i den og kunne konstatere at den hadde både utsjånad og komfort..
Den hyggelige Livingmannen såg litt forvirra ut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar