lørdag 11. september 2010

Ein regnfull, men fin laurdag!


Huset vart ferdig beisa igår så det var ikkje så farleg om me vakna til regn idag. Veldig godt å ha beisejobben unnagjort, me har igrunn nok med jobb, heim og tre små ++++ No er det ei stund til me treng/kan gjera noko sjølv på tomten igjen.
Utpå laurdagen kom svigers med oldebesten på besøk.. eg hadde tenkt kaffi i husveggen, men været vart litt for voldsomt. Så då vart det mat her i kjelleren før synfaring i residensen.. no trur me det var juni sist gang dei var her så her hadde mykje skjedd. Bloggen gjer ein inntrykk, men det er noko anna å sjå ting med fullt overblikk. Magnus og Ingvild likte seg og kunne sei seg enig med pappa i at det no begynner å bli "ikkje so steik hakki gale"!






Oldebesten slang på tampen inn søknad om sommarjobb som "slåttegutt" neste sommar..det tek me som eit kompliment! Gleder oss til sommarbesøket allerede, men grasklipparen skal få stå når me har finbesøk.

God laurdagskveld:)

Regina

1 kommentar:

  1. Heei:)
    Herlighet viste ikkje at du hadde blogg:)
    So kjekt!!! Skal gå inn å kikka litt:)

    Du da var faktisk lurt, å samle blader i. Eg har ei "postkasse" i skinn som eg samler rekninger som skal til betaling ol viktige ting, så kanskje eg skal skifte den ut med ei sånn fansy ei:) Takk for tipset:)
    Me snakkast

    SvarSlett