torsdag 30. desember 2010

Jul i vårt hus!

Ein rask liten oppdatering siden sist..
Dei heimlause var ikkje lenge heimlaus og mandag før jul flytta me inn i nyahuset!
Det blei tre intense rydde/vaske/ordne/handle/pynte dagar før me kunne ynskje mamma, pappa og tante Maria velkommen til julefest hos oss. Ein pangstart på det nye livet blei det med juleaften, 2.juledags samling og mange kjekke visitter i romjula.
Ting kjem på plass og me ser ut til å finne oss tilrette alle fem:)

Kjem tilbake med bilder etterkvart, no er det spinning på senteret som står på agendaen.

Regina

fredag 17. desember 2010

Heimlaus familie!

Hauglandskåken er i skrivande stund nesten heilt tom, det står 5 banankasser i gangen og eg dataen går ilag med meg no når Helge kjem tilbake for siste lass... Nesten 2 år som Hauglandsbu er over, takk for oss! Ikkje verst å bu her..
Residensen likna alt anna ein ein residens: elektriker, rørleggjar, snekkare og murar surrer rundt som veggluser og gjer seg ferdig her og der.. til stadighet dukker det opp ei lettare forvirra fru som ikkje veit heilt kor ho skal begynne.. Det er klær, kasser, dyner, møbler, glass, fat etc etc etc overalt! Eg som begynte optimistisk i forrige veke med å vaske ned må berre innsjå at nedvasken egentlig ikkje har begynt!

Når alt dette er sagt så er me mange steg nærmare innflytning no og mamma og Hege har opna heimen for dei heimlause barna og foreldra:) Hadde ein koselig kveld hos Hege og Ole Bjarte igår: Magnus og eg lånte Richard sitt rom medan Helge og minste barna overnatta i Nilsebu! Takk for gjestfrihet og hjelpsomhet folkens, de skal få noko fint til jul!!!

No er bilen pakka og eg må brette opp armane og komme meg i arbeid igjen!! Wish me good luck!

Regina

onsdag 15. desember 2010

Siste natt i kjelleren:)

Åh neida, det går ikkje på skinner! Men no gjer me oss ferdige med utvask i Hauglandskåken og flytter inn i Nilsebu fram til overtakelse! forhåpentligvis treng me berre ei natt hos mor og far før me kan flytte inn til oss sjølv. ALT avhenger av rørlegger og elektriker torsdag og fredag! Trappa er lokalisert i Bergen ikveld og skal vera på Austevoll i morgon kl. 13.00
Dagen har gått med til å flytte bort ei seng,stoler, kjøkkenbord ein sofa, eit skap og utallige kasser med ditt og datt. I kveld har Supermontøren banna seg gjennom 10 taklamper: da blei ekstremt mykje "fasøren og Huff, huff, huff" og ein runde med "pakk heile skiten ned og lever den tilbake til Living, større møklampe skal du leita lenge itte!!!" så 7 min. stillhet før " Yes, dar satt han!har du ei lyspære Regina!" No er det berre 2 punkt i huset som ikkje har lampe, puh!

Torsdag og fredag har Storebø skule velsigna meg med 2 dager flytteperm, kjem veldig godt med!

Håper på eit positivt innslag på bloggen i morgon kveld!

Regina

lørdag 11. desember 2010

Vindusvask og kvitemalte blomsterbrett!


Det var lite som skjedde på fredag, men på mandag då skal ALT skje!!
Helge og eg har fått kjørt fleire kasser bort og noko av det har komt på plass på cirka riktig plass! Vinduene er nesten klar for jul og blomsterbretta er no kvite og fine!
Tre taklamper er på plass og mykje rot og skrot er rydda vekk! Snille tante Hege hadde småtrolla på besøk, dei har laga eget pepperkakeresidens som dei skal få med seg så snart kjøkkenet er fritt for byggestøv! Takk for innsatsen Hege,




I morgon blir det fridag frå huset,svigermor skal feire 60 år og me er klare for familiedag på hotell i Hardanger!

torsdag 9. desember 2010

Jul i vårt hus!??

Det lukter ikkje akkurat mandariner og granbar i dette huset nei. Eg må ærlig innrømme at "optimisten" drog igang mange pesimistiske tankar ang å komme seg inn til jul ikveld.. Eit bad er ikkje flist, vaskerom, teknisk rom skal ha golv.. lister mangler både her og der, trappa er kkje komen til Austevoll eingong,det er rot, skrot, støv og spon i alle krokar etc etc! ikkje det at eg trur at Jula bryr seg om det, skal berre sjå ho kjem uansett!

Ingrid kom på besøk på "tomten" ikveld, stor stas å ringe på døra! Pittelitt julestemning tok ho med seg der ho kom i den røde kofta si..

Vil det lukte pinnekjøtt her om 15 dager? I nøden blir det julefeiring i Nilsebu, ikkje så verst det heller!

Blir spennede å sjå kva som skjer i morgon!

onsdag 8. desember 2010

Borte bra, men heima er best!

Hadde det no berre vore pepperkaker, julegaver, juleklær, juletre, juleklær, juleavslutninger etc så skulle me nok hengt med... med hus inn og utflytting som prikken over ien så blir dette litt i overkant for meg! Hadde det ikkje vore for dei flotte hjelparane våre så hadde ikkje dette gått rundt. forrige helg var alle tre diamantane på besøk hos svigermor og far i Arna, denne veka har dei meir eller mindre blitt tatt vare på av andre enn meg.. Det er utrulig godt at dei slepp å bruke adventstida på å rydde, vaske flytte i hus! også er det jammen godt å vaske, flytte, rydde uten hjelp frå dei små "hjelparane"!



Pappa "inspektøren" har no skifta tittel og blitt montør. Montøren er heller ikkje vanskeleg å be, ein telefon og 5 min.seinare så har eg han i hus! Første punkt som skulle få seg lampe blei loftstua, etter mange ord (som ikkje minner om jul) var lampen på plass og no har han knekt koden og er innstilt på å få på plass dei andre i løpet av helga.

Neste onsdag trur optimisten at ho bur på Hundvåkøy igjen! Etter å ha prøvd livet som Bergenser, Yankee, Stordabu, Arnafru, Bakkis og no Storebøkråke.. etter 17 år som bortebuar skal det bli godt å komme heim!



Regina!

Nedvask...

No er dørene på plass og idag kan me overta alle soveromma oppe og då starte nedvask.. denne dagen har eg sett fram til..
Tante Maria har to fridager og er heime for å hjelpe til med husinnspurten, så då blir Maria vaskehjelp ilag med meg mens Hege blir barnepasser! Verdens snilleste søstre det veit eg allerede at eg har,men eg prøver ikkje å ta det for gitt..



Så no er det eit par timer med lading før me set igang!

R