
Etter ein knall koselig fredagskveld hos Cathrine og Ørjan i Sandviken vart det ein litt treg start på lørdagen... men etter litt frokost måtte me bort og møte malermesteren! Eg hadde sett for meg at heile familien skulle rydde ute, mens maleren fekk jobba i fred inne.. Når maleren var satt igang forsvant Helge og ungane på trelasten for på kjøpe inn nødvendig utstyr..hmm? Eg hadde godt av frisk luft og litt regn i fjeset og nytta anledningen til å rydde boss, paller, isolasjon, plast, verktøy etc utanfor. Herre kor mykje rask! Etter at Kraftlaget ikkje var nøgd med grøftene til strømkablane så måtte Martin prioritere å jobbe med feltet og ikkje hos oss. Satser på me får grusa utanfor i neste veke.
Før me gjekk frå huset så hadde malaren strimla ferdig kjøkken og spisestue, da lukta litt arbeidsmaur av denne karen her og: det passer veldig bra. I løpet av tre fire veker trur han at han skal vera ferdig med malejobben, då skriv med 27.november:)
Så til dagens høgdepunkt, på Eidsbøen var det duka for fotballfest og opprykksmulighet: Denne gangen klarte Stig Storebø og guttane og sikre seg plass i 2.divisjon i 2011. Gratulerer til heile fotball Austevoll:)

På mandag må me kjøpe innemaling,tenk på det!
God lørdagskveld, Regina