Berre eit par tre bilder inn på bloggen, det er jo her me ser når det går på fram og når det står stille!
Rørleggar arbeidet er gjort og såvidt eg veit gjer dei no klar til å støype plato..
Til nokon sin store frustrasjon så er eg for tida meir opptatt av sykling enn tomteprogresjon... Er påmeldt Bergen-Voss og bør nok snart ta fatt på øvinga! Helge kjøpte seg ny sykkel og dermed så vart mitt argument med at han skulle ha sykkelen veldig tynt! " Då e jo du med då: Stilig,då treng me berre ei jente til" Det var nesten som geitekillingen som hadde lært seg å telle til ti: og vips så hadde ho talt meg og! "Ho" er sjølvsagt Siren,primus motor for Austevoll sykkelklubb:)
Grugledar meg så mykje at nattesøvnen er dårleg for tida, syns eg høyrer Siren jaga på oss opp mot Voss.. " Opp på hjulet jenter,og oppmed tempoet!!" Når det er sagt så gleda eg meg og,me har hatt to kjempekjekke jenteturar rundt i Austevoll.. lått og løye, god kondisjonstrening og mykje deilig vind i håret!! so tusen takk Siren for at du talte meg og!
Sommeren har forresten vist seg litt idag, håper den er like utholdande som vinteren var!!
Kjem tilbake med bilder når plato og uteplassane er ferdig!