

Det er kanskje den beryktede influensaen som har tatt ein tur inn i Hauglandskjelleren? Ingrid kom heim frå barnehagen med feber på fredag og eg stilte meg inn på ei veka med sjukdom.Ingrid såg ut til å vera pigg igjen på lørdag mens eg merka meg det eine symptomet etter det andre komme snikande utpå lørdags formiddag.Søndag var det ned for telling: Heldigvis var mamma, Hege, Karin og pappa klare for nødhjelp og søndagen gjekk oppi søvn/sofaliv uten småfolk i hus. Dei to minste blei levert ferdig bada og mette rett før leggetid på søndag medan skulegutten overnatta hos besto og besten:)Ingenting å seia på nettverket, det er heilt sikkert!
Pappa og mamma kom med Halvard og Ingrid på denne måten:Far: Hei Gudla, korleis går da med deg?...3 sekund stillhet..har du tenkt meir på da med doen!? De har ein UNIK mulighet der altso.
Eg: eg orker ikkje no pappa!
Far: nei, nei.. berre so synd me ikkje teikna ein halv meter breiar garasje..
Eg: Ser dumt på han ( Ser du ikkje at eg er råka av svineinfluensa!!!?)
Mamma: Herlighet, no må du gje ho fred. Ho har svineinfluensa!
Ikkje er eg heilt sikker på at det er svineinfluensa me har, men akkurat der var eg veldig glad for alt svinehysteriet!! Hadde det bare vore ei vanlig omgangsjuke hadde eg nok ikkje sluppet så billig unna!
Helge kjem dessuten nett frå tomten, første sprengning foretatt:)Merker oss datoen 16.november og håper på at Ekren holder ord! (2 mnd frå første spregning skal tomten vera klar)