Etter å ha blitt ein ivrig bloggleser så har eg no altså oppretta min eigen.. når til og med statsministeren er opptatt av bloggen sin so e da vel allment akseptert? Denne skal altså (i all hovudsak)handle om huset som forhåpentligvis er eit hus innen neste år. Etter eit år med venting er endelig dei fire pinnane komen i jorda:) Snart eig me eit stykke jord på Hundvåkøy, Austevoll.
Litt tilfeldig er det at me vendte oss ut mot havet igjen etter mange år i Arna, men eg håper og trur at me slår slitesterke røtter når me kjem i eget hus.På ambivalente dager ( dei kjem stadig sjeldnere) tenkjer eg på jobben både på skulen og treningssenteret, mamma, pappa, Maria( Du må berre komma oftare heim snuppa), havet, naturen forøvrig, roen på landet, gode venner for både meg og mine og ikkje minst Hege med sine på haugen !

Hege er som kinderegget med meir hos oss: tante, søster, venn, treningspartner,te vennine, middagsdamo,helsesøstera, sjukepleiaren, barnevakten, ekstra bilen, veilederen og mykje meir: Alt i ei og same dame) Uten deg var eg nok vegen inn til "under fjellene" kortare.
I Arna har me og familie og gode venner.. ein får snu det til det positive og tenkje at me faktisk har to plasser på jorda som me likar oss:) Ikkje verst det! Dessuten er det veldig flott å ha beste/sviger foreldre i Arna, ikkje dumt å ha nokon å reise til! Med tre raspeballer er det ikkje berre berre å komme på besøk. Me kjem med brask og bram!
Her blir visst eit innlegg med mange ord og ikkje færre digresjonar.. Hus ja, nei det får eg komma tilbake til i neste innlegg. Me skal faktisk møte entrepenør Ekren på tomten på tysdag, då skal slagplanen leggjast..
Thats the gas for now!